Aktuelt

Nyomsetjing av Luther-salmar

Det er 500-årsjubileum for reformasjonen i år.      Luther betydde mykje for tysk språk og litteratur ved si bibelomsetjing. Noko liknande skjedde med salmen. Luther…

1529martinluther

Det er 500-årsjubileum for reformasjonen i år. 

    Luther betydde mykje for tysk språk og litteratur ved si bibelomsetjing. Noko liknande skjedde med salmen. Luther førde salmen til forsamlinga som samsong, og starta sjølv ei salmedikting der han både brukte nye motiv og bearbeidde tradisjonsstoff. Han skreiv dryge 30 salmar.

    I høve jubileet vil ei gruppe tilknytt Norsk Hymnologisk Forening invitere til nyomsetjingar av Luthers salmar. Få av dei er i bruk i dag. Det kan skuldast melodiane eller omsetjingane (kanskje også originalen). No vil ei gjendikting alltid ha preg av tid og person. Vi har lyst til å prøve å arrangere eit møte mellom notidsforfattar og salmetekst for å sjå kva som skjer. Vi tenkjer oss å sende vellukka forsøk vidare til komponist. Finn tekst og melodi kvarandre, blir resultatet gitt ut på Cantando musikkforlag, med vanleg honorering og åndsverksrettar.

    Om nokon har lyst til å vere med på dette tiltaket, så ta kontakt med underteikna.

Vennleg helsing
Jan Ove Ulstein
jou@hivolda.no