Nyrydding

"Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon" er ein av instansane som skal gjere nynorsken "enklare, strammare og tydelegare". "Yes", som det heiter på ny norsk;…

"Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon" er ein av instansane som skal gjere nynorsken "enklare, strammare og tydelegare". "Yes", som det heiter på ny norsk; ein ønskjer å styrke nynorsken, motarbeide anglifisering, og "etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som brukar sidemål, og som er stabil over tid." Blir det då "ulovleg nynorsk" viss Frode Grytten held fram på Gryttensk, eller når står "hjerte" og ikkje "hjarte" i Nyryddinga av Sigmund Løvåsen: "Tre vitskapsmenn frå Oslo har sett lyset frå utelampa og kjem ridande med gåver, akkurat det far ønskjer seg: nytt bein, nytt hjerte og eit handbrekk til traktoren."? Kva blir "lovleg" nynorsk, kva blir rekna som "god nynorsk", og kva konsekvensar kan eigentleg slike normeringar få for skjønnlitterære forfattarar? Forlagssjef for litterær avdeling i Det Norske Samlaget, Finn Totland, ryddar i stoffet:

 

Veit du kva Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon er? Rettskrivingsnemnda skal innstille ein ny norm for korleis ein kan bruke nynorsk. Men korlis skal dei møte mandata frå Språkrådet, som er å lage «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer»
og
«Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.»
og
«Lage ei norm som er slik «at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.»? Finn Totland er konstituert forlagssjef i litterær avdeling i Det Norske Samlaget. Han ryddar gjerne opp i omgrepa for oss:

– Kan du forklare arbeidet med den nye nynorsknormen?

– Språkrådet har i samarbeid med Kulturdepartementet sett ned eit fagråd for å revidere nynorsknormen. 1. april er datoen for den endelege innstillinga frå nemnda. Så skal innstillinga bli handsama av dei rette instansane, Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon og i Språkrådets styre før ho blir send til Kulturdepartementet for endeleg vedtak. Det er ei målsetjing at den nye norma kan gjelde frå 1.8.2012.

– Eg har gitt ut tre bøker for vaksne på Samlaget, og har ei erfaring med at forlaget har vore fleksible i høve individuelle former av nynorsk, og at de har tillete mange unormale og ureglementerte former av nynorsk. Eg har forstått det som at dei i Samlaget sett dette med kunstnarisk fridom høgt. Har eg oppfatta Samlaget rett då?

– Samlaget følgjer læreboknormalen i bøker for grunnskule og vidaregåande skule, slik vi er pålagde, medan skjønnlitteratur og sakprosa jamt over har halde seg til hovudformer og klammeformer. Skjønnlitterære forfattarar skal ha stor grad av kunstnarleg fridom med omsyn til ordtilfang, stil og syntaks. Slik må det vere.


– Vil du seie at Samlaget har ein type autoritet på området som gjer dei meir avslappa?

– Eg trur alle forlag praktiserer stor fridom når det kjem til skjønnlitteraturen, men vi er det eldste og største nynorskforlaget og nesten einerådande på det skjønnlitterære feltet (sjølv om det er gode forfattarar på andre forlag som gir ut bøker på nynorsk!), og har derfor lang røynsle med å arbeide med nynorsk tekst. Vi gjer ikkje ting annleis enn andre forlag.



– Kan du skildre Samlagets forhold til normer og former av språket?

– Når det gjeld lærebøker for grunnskule og vidaregåande skule held vi oss til hovudformene. Lettlesbøker for barn held seg berre til hovudformene. Sakprosa, barne- og ungdomslitteratur og omsett skjønnlitteratur held seg til hovudformer og klammeformer. Når det kjem til skjønnlitteratur for vaksne, så held vi oss til hovudformer og klammeformer, men vi er som sagt opne for personlege skrivemåtar og ordval.



- Vil de halde fram med den same praksisen når de vaskar manus også etter at ein ny språknorm eventuelt er vedtatt?

– Ja, vi kjem til å halde oss til same praksis også etter denne prosessen. 




– Kva konkrete konsekvensar vil den nye nynorsknormen få for måten Samlaget vaskar manus?

– Lærebøker for grunnskule og vidaregåande skule vil sjølvsagt følgje den nye norma. Norma vil truleg ha lite å seie for Samlaget Litteratur inntil den nye norma har fått fotfeste.

– Leiar for fagrådet er Grete Riise. Ho blei intervjua om tema for Klassekampen førre laurdag. Eg forstår henne som at ho talar for ein nynorsk som skapar "fellesskap", og mot den individuelle forma av nynorsk. Kva forhold har de i Samlaget rundt dette?

– Dei språklege retningslinene gjeld i første rekkje rettskriving og bøyingsformer. Når det gjeld ordval, stil og syntaks, skal variasjonsrommet vere stort i Samlaget Litteratur.



- Er den nye språknormen då relevant for kunstnaren?

– Det er ikkje sikkert det blir verken ”lettare” eller ”vanskelegare” med ei ny norm. Mange valfrie former vil bli sidestilte former, så det blir like lett eller like vanskeleg som før å skrive god og korrekt nynorsk, vil eg tru. I høyringsfråsegna har Litteraturselskapet sagt at den nye norma ser ut til å bli enklare. Kunstnarar står fritt, men det er likevel viktig for den vanlege språkbrukar å sjå den normrette nynorsken brukt også av dei gode forfattarane.



- Kva er Samlaget sin haldning til den nynorsknormen, som den ser ut til å bli innstilt?

– Vi støttar hovudlinene i framlegget frå nemnda. Jf. høyringsfråsegna vår.