– Eg og regjeringa har heile tida vore tydelege på at vi er innstilte på å justere, forlenge og auke ordningane til kultur, frivilligheit og idrett ved behov. I nysalderinga av årets kulturbudsjett tek vi fleire grep for å gjere framtida meir føreseieleg for kultursektoren, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.
For perioden 1. september til 31. desember har det tidlegare vore ei ramme på 900 millionar kroner til støtteordningane på kulturområdet. Regjeringa foreslår no å auke denne ramma for å sikre utbetalingar til arrangement som blir gjennomførte i siste del av 2020. Ramma blir auka ved å leggje til ubrukte middel frå tidlegare periodar frå begge kulturordningane og frå ordninga for frivilligheit og idrett.
I tillegg har regjeringa no endra fristen i kompensasjonsordninga for å inkludere fleire. Arrangement som søker støtte kan no vere planlagde før 5. november i staden for 1. august.
– Det gjer situasjonen meir føreseieleg for dei som har blitt nøydde til å avlyse på grunn av nye innstrammingar, til dømes i Oslo. Eg er glad for at vi kan ta vare på dei som lytta til oppfordringa om aktivitet og planla nye arrangement, seier kultur- og likestillingsministeren.
Regjeringa utvidar samtidig kompensasjonsordninga til å gjelde arrangement som avlysast som følgje av alle offentlege restriksjonar, ikkje berre statlege.
Ramma vil truleg auke frå 900 millionar til 1,1 milliardar. Talet blir ikkje endeleg klart før saksbehandlinga i alle dei tidlegare ordningane er over.
Kulturdepartementet har oppretta ei uavhengig klagenemnd som skal behandle eventuelle klager knytt til søknadsbehandlinga til støtteordningane. Nemnda skal vere knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen, og behandle klagar til ordningane som forvaltast av Kulturrådet.