– Den norske poesien er, og har vore, sterk, livskraftig, sprek, vill, mild, tradisjonell og utfordrande. Men han er også sårbar. Sårbar fordi den skriftlege lyrikken blir mindre og mindre synleg for dei aller fleste. I ein slik situasjon kan stader som Hauge-senteret utgjere ein forskjell. Det kan vere med på å løfte fram heile poesien med utgangpunkt i eitt av våre sterkaste forfattarskap innafor sjangeren, sa leiar i Forfatterforeningen, Sigmund Løvåsen, i si opningstale.
Meir enn 4400 var med på opninga av Olav Hauge-senteret og arrangementa under Ulvik poesifestival i Ulvik denne helga.
– Eit betre grunnlag kunne ikkje dette nye nasjonale senteret for lyrikk i mange former ha fått, og desse dagane syner korleis Hauge-senteret og Ulvik poesifestival styrkjer kvarandre, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.