Aktuelt

Nytt medlem: Margrethe Aas

Margrethe Aas (f. 1983) vaks opp i Fræna. Etter vidaregåande tok ho kunstlina ved Kunst- og Filmskolen i Kabelvåg. Så utdanna ho seg til arkitekt…

Margrethe Aas. (Foto: Tiden Forlag)

Margrethe Aas (f. 1983) vaks opp i Fræna. Etter vidaregåande tok ho kunstlina ved Kunst- og Filmskolen i Kabelvåg. Så utdanna ho seg til arkitekt ved Arkitektskolen i Århus, Institutt for by og landskap. Ho fekk jobb i Trondheim Kommune med ein gong ho var utdanna, og jobba der i åtte år. I hovusak med byrom som tema. Innimellom hadde ho nokre Artist-in-residence-opphald, og gav ut to diktsamlingar på Tiden. Då ho fekk eit eittårig arbeidsstipend for 2018, byrja ho å skrive på fulltid.  Det blir det ny bok av, kanskje i årsskiftet 2019-2020. 

– Eg veit ikkje heilt om det er dikt eller roman, seier Aas, som debuterte i 2015 med diktsamlinga Vy. Kan ho skildre vegen din til den første boka? Kva eller kven gav henne ideen om å skrive ei bok? 

– Orda har vore viktige gjennom heile oppveksten, og skrivinga har følgd meg under hovudputa i alle senger eg har sove i. Tanken om å skulle vere forfattar streifa meg likevel ikkje, før eg skjønte at eg var i ferd med å gje ut ei bok. Før det gjekk eg på kunstskule og deretter arkitektstudiet – men leita stadig etter kvar orda sin plass skulle vere. Nokre år inn i arbeidslivet, tvang dei seg fram på sitt eige vis. Eg opplevde det vel nærmast som at kroppen insisterte, etter ein del alarmar i systemet. Ei sjukmelding frigjorde tid til å gå på eit skrivekursi regi av Norsk Forfattersentrum, og å arbeide som snikkarpraktikant saman med nokre ypperlege handtverkarar. Denne kombinasjonen var perfekt for meg. Den forflytta visst omtrent heile livssynet mitt, og etablerte orda som nødvendige reiskap for å fortolke verda kroppen min går rundt i. Etter skrivekurset vann eg ein konkurranse som Radikal Portal arrangerte. Tekstbidraget fekk Kjetil Strømme Jørve i Tiden forlag til å ta kontakt. Det passa med at eg hadde ein del materiale liggjande, og ballen byrja rulle.

– Men den ballen rullar gjerne langt før han kjem i mål. Kva holdt deg motivert gjennom kampen? 

– Det ligg mykje arbeid bak ei bok. Men når prosjektet finst, er mi oppleving igjen og igjen at det tek meg med som noko sjølvsagt og heilt nødvendig. Da blir det ikkje tungt eller lett, det blir berre ei eiga drivkraft. Men å forløyse denne, krev god tid og mykje tillit til prosjektet. Sistnemnte kan gjerne gleppe litt innimellom. Da er det fint å ha nokon som minner ein om det. For min del er det som oftast sambuaren min, Vigdis Haugtrø, som har den rollen. Vigdis er biletkunstnar og hennar inngang til og erfaringar rundt skapande arbeid er svært inspirerande for meg. Ho er alltid min viktigaste lesar.

Erfaring frå andre større prosjekt har også vore relevant. Å ha opplevd før at stagnasjon er forbipasserande, at alt er i endring, og at mykje kan skje om ein legg prosjektet vekk nokre dagar for eksempel.

– Kor kjem evna, talentet, kunnskapen, handtverket og/eller sjølvtilliten frå?

Som motivasjon for å gripe etter ein blyant, ligg vel ei slags grunnleggjande tru på at alt som blir skapt har ein eller annan form for verdi. At det ikkje er meiningslaust at vi finst, her og no. Og at våre viljar på eit eller anna plan har kraft til å påverke.

Arkitekt-bagasjen har gjeve meg nokre nyttige reiskap. Det å kunne abstrahere for å overskode eit stort materiale. Og å tørre å insistere på å nøste i noko ukjent, utan klåre spørsmål eller svar.

Og så er det klart at alle variantar av varme tilbakemeldingar spelar ei stor rolle for å halde motivasjonen oppe.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag (skrivedag) ut – og på ein månad – kor mange skrivedagar får du?

– Det siste året har eg arbeiddfulltid som forfattar. Det har vore mogeleg fordi eg fekk eit års arbeidsstipend. Dermed står dette året i sterk kontrast til tidlegare år, der eg sidan 2014 har skrive aktivt ved sidan av å arbeide opptil 80 % som arkitekt. Da sette eg av ein fast skrivedag i veka. Og i periodar – alle bussturar, båtturar, kveldar, helger og ferieveker… alt etter kva status på eit aktuelt prosjekt var.

Kontinuiteten som oppstår når skrivinga får fylle all ledig tid, er kraftfull og har opna for eit anna type prosjekt enn eg har skrive før. Manuset eg har arbeida på det siste året har kravd mykje stille tid. Eg trur kanskje aldri det materialet kunne komme fram om eg berre hadde hatt ein dag i veka til å fokusere.

Når det er sagt; praktiske arbeidsoppgåver er gjerne ein viktig ingrediens i mine skriveprosessar. Vi kjøpte oss eit småbruk i 2014, som er ganske tidkrevjande, med ei rekke restaureringsprosjekt. Mange floker kan løysast med ei øks, ein pensel eller ei greinsaks i hendene.

– Eg tolkar deg dit at drifta etter å skrive har vore sterk, og at du forholder deg til litteraturen som noko viktig. Kva betyr litteraturen og skriving for deg og for menneska?

– Eg tenkjer på skrivinga mi som eit kunst-uttrykk. Ein viktig del av kunsten, tenkjer eg, er å oppnå ei spegling av verda, på materiale eller reiskap sine premissar. Material og reiskap kan vere så mangt – tre og øks, funne objekt og lyssetting, kroppen, orda… Målet er det same: å ta både den som skaper og den som observerer med til ein ny stad, som ligg utanfor det fysiske resultatet og den som skaper. Ein stad som kan vere både kroppsleg, åndeleg og intellektuell, og høgst personleg for den som opplever.

Eg trur dette i det minste fangar opp nokre aktuelle aspekt av det heile, for meg.

Eg trur tid og tillit til å skape, er ein livsnødvendig del av vår organisme sin eksistens. Eit mangfald i litteratur kan, saman med andre kunstuttrykk, vere med å halde i rørsle historiene vi ber på. Som enkeltpersonar og som samfunn.

På mange måtar synes eg vår tid har alt for mange ord i seg. Orda har blitt eit material ein berre pøser ut av, som alle vil ha. Dei blir vridd om på for å kamuflere handlingar. Eller lagt oppå for å forklare – ein skulptur, eit hus, ein bydel – og tek merksemda vekk frå andre kommuniserande uttrykk. Dei blir også gjort spesifikke for det eine eller andre faget, på måtar som ekskluderer heller enn å invitere inn.Kanskje er dette ein slags motivasjon. Ei kjensle av at då er det ekstra viktig å ta fatt på prosjekt som skjer på orda sine eigne premissar. Å insistere på å bruke tid, mykje tid, på orda. No veit eg litt om kva arbeid som kan liggje bak ei bok, frå eigne erfaringar og frå møter med andre forfattarar. Det gjer meg stadig meir audmjuk, når eg sit med ei bok som treff meg. Tenk at nokon sette dette ned på papiret. Fordjupa seg i dette. Opna denne døra, og gjekk til sides så eg som lesar kunne gå inn. For ei gåve!

– Korleis vil du skildre det litterære prosjektet ditt?

– No føler eg at grensefeltet mellom arkitektur og språk har blitt eit litterært prosjekt for meg. Relasjonen mellom kropp og rom, og stadige forsøk på å skildre denne med ord. Eit felt der språket liksom aldri strekk heilt til, men på same tid kan opne for mange nye og ofte overraskande erfaringar. I dette ligg ei stadig forflytting. Av mitt syn på verda. Av meg sjølv som skrivande. Og dermed av verda sjølv, er det ikkje slik?

– Ja, er det ikkje slik at det ein gjer gjer noko med verda, og at verda gjer noko med ein? Og arkitekturen og litteraturen – kva gjer dei med kvarandre?

Frå utdanninga er eg spesialisert innan byplanlegging og landskap, det vil seie at å forstå store romlege samanhengar. Byen er enormt kompleks. Landskapet enno meir. Om ein skal tørre å trekke konklusjonar på vegne av desse, må ein tørre å abstrahere dei til noko ein forstår og kan sjå. Som gjennom å teikne eit enkelt diagram for å forklare. Ein lærar ved arkitektskulen sa det slik, det er muligens eit mykje brukt sitat; ein god idé kan ein pisse i snø…

Eit eksempel frå byplanleggingshistoria er København, som sett frå lufta er bygd opp som ei stjerne; vegar og bydelar er lagt ut mot stjernespissane, medan landskapet er trekt inn mellom desse som grøntområde mellom bydelane. Stjerna blir ein definisjon av kor grensene skal gå mellom by og landskap. Samstundes blir ho ein regel for korleis byen bør vekse eller fortettast, som gjev meining på eit funksjonelt og romleg plan.

Til no har eg alltid vore innom ein diagram-fase i manusa mine. Ein fase der eg sit med ei større mengde uoverskueleg materiale, og prøver abstrahere det for å forstå; kva bitar høyrer ihop, kva er eit dominerande tema, kva kan vere ein raud tråd? Eg sit rett og slett og teiknar enkle diagram, for å illustrere kjensla eg sit att med, eventuelt ønskjer å formidle. For ein enkelt tekst, eit kapittel, og for boka som heilhet. Når ideen og kjensla er klar, finn eg teikningane fort. Når eg ikkje greier å teikne det, er det som regel eit teikn på at teksten ikkje fungerer og må redigerast eller takas ut av materialet.

Slik heng arbeidet med tekstene saman med visuelle og evt taktile bilete av kva eg ønskjer å få fram. Dette påverker også den grafiske forma på teksten, særleg undervegs. Ofte arbeider eg meg gjennom ulike grafiske brot som skal forsterke det romlege i ein tekst. Men jo meir eg arbeider med orda, jo meir gira blir eg i å prøve å formidle det visuelle berre med orda aleine.

– Eg synest å høyre ein kjærleik til papiret og skrive- eller teiknereiskapen her. Kvifor er det ikkje nok å berre tenkje noko. Kvifor må det fangast og formidlast?

– Ein må slett ikkje fange og formidle. Eg trur på at tankar kan gjere mykje, både på personlege og kollektive plan. Men likevel gjer eg altså det…formidlar det…

Vi fekk eit barn for to år sidan. Eg hugsar så godt ein rå replikk av jordmora under fødselen: press på, det er ingen veg tilbake no! Slik kan det kjennes med eit prosjekt også. Når ein merkar at ei spire til eit prosjekt finst, da er det berre å jobbe på og få det ut, for på eit eller anna tidspunkt finst ikkje vegen tilbake. Det vil seg sjølv, eg er berre ein reiskap. Å skape noko, som ei bok, kjenst for meg som ei fysisk øving. Å flytte eit prosjekt ut av sin eigen kropp. Å sjå at prosjektet finn sin eigen identitet, utanfor meg, at det står på eigne bein. Det er ei herleg kjensle, når eit manus har kome dit. Kjensla av at no finst dette, andre kan gjerne få lese det, det kan få leve vidare utan meg, og eg har ikkje meir å bidra med i det for denne gongen. På eit sett minner det meg om ei barnleg glede av å finne noko vakkert, ein stein, ei fjær, og ha lyst til å springe fram for å vise det til andre. Sjå kva eg fann! Så gløymer ein liksom at ein har jobba hardt for det, det blir uvesentleg. Det har oppstått eit møte, som er noko større enn ein sjølv. Og hvis eg kjenner at dette møtet har ein oppriktig verdi for meg. Da er det ganske sannsynleg at det, på eit eller anna plan, vil kunne ha ein verdi for nokon andre der ute også. Det må ein vel nesten tørre å tru på.

– Kor ligg dette småbruket ditt? Og korleis er ståda der idag, fem år etter at de kjøpte?

– Småbruket ligg i ei lita bygd som heiter Hindrem, på Fosen, nord for Trondheim. I den andre boka mi, Eim, er det mange scener frå ting vi har sysla med her. Totalrenovering av kjøkken, restaurering av vindauge, maling, takarbeid og muring, beskjæring og sulling i hagen. I den neste kjem det litt om drenering, hehe. Vi har tre bygningar på plassen, inklusive ein middels stor låve. Vi prøver å ta vare på bygningane slik dei er, dei fortel fantastiske historier om djuptgåande materialkunnskap og levde liv. Særleg takka vere Norsk Kulturminnefond har vi fått til ein del, og lært vanvittig mykje. Men fortsatt gjenstår ein del, for å sikre både at bygningane held seg ståande, og at dei kan bli brukt til noko godt. Ein langsiktig plan er å lage ein artist-in-residence her, så vi kan få fine folk hit og jobbe med oss.