Og no er Alma sitt private helvete heilt laust

– Kvifor trur du nettopp denne boka blei film og teater, Olaug Nilssen? – Fordi den talte rett til hjartet på mange, og førte til…

150650232180591_840465590_19180203_6293050_o

– Kvifor trur du nettopp denne boka blei film og teater, Olaug Nilssen?

– Fordi den talte rett til hjartet på mange, og førte til sterke reaksjonar på begge sider av skalaen.

Olaug Nilssen (1978) er eigentleg ikkje fødd i 1978, men seint i året 1977. Så seint er ho fødd det året at ho blir litt indignert. Ein kan nesten seie det slik at Nilssen er fødd i 1978. så seint at ein nestan kan kalle det 1978. Nei no, for å seie det med ein av Nilssens romanfigurar, blei dette litt dumt. No lagar eg linjeskift, og så prøver eg det om att.

Olaug Nilssen (1977) var bare tjue år då ho debuterte som skjønnlitterær forfattar som tjueåring med boka Innestengd i udyr i 1998. Vi har så korte armar kom i 2002. Få meg på for faen er den tredje romanen frå Olaug Nilssen, og kom i 2005. Han blei skodespel på Det Norske Teatret i fjor. Men om ein googlar tittelen, kjem verken roman eller skodespel først, men spelefilmen, som er spelefilmdebuten til Jannicke Systad Jacobsen. Kva tykker Nilssen om måten dramaturgar har jobba med bøkene hennar?

– Eg tykkjer det har vore inspirerande og lærerikt, det har vist meg at det går an å fortelje mine historier i ei mindre krevjande form, seier Nilssen.

– Kva tenkjer du om Alma i filmen i forhold til Alma frå boka?

– Alma er mykje mørkare og drøyare i boka, meir ute av kontroll, meir grenselaus og skremmande. Eg har sansen for begge variantane, men er sikker på at det er smart at filmvarianten er meir uskuldig og naiv, med tanke på kor mykje sterkare alt verkar på stort lerret.

– Skodespelarar og dramaturg og regissørar er blant dei som er med på å forme manuset ditt vidare. Korleis kjennes det å ha skrive noko som er bra nok for det store apparatet som blir sett i gong?

– Det føles bra, trur eg. Men få meg på er så mykje brukt og diskutert, eg har måtta trekke meg unna heile oppstyret og lukke både auge og øyre. Føler eigentleg eg har mista både Alma og boka for lengst, og jobbar no med heilt andre ting. Difor er det også frå avstand eg ser på og nyt det som skjer.

Olaug Nilssen har gitt ut dei fleste bøkene sine på Samlaget. Ho har vore i styret i Samlagsklubben, rektor ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og medredaktør for tidsskriftet Kraftsentrum. No er ho rådsmedlem i Kulturrådet og medlem i fagleg utval for litteratur. Og ho er eit uttal andre ting. Som oppvaksen i Sunnfjord, på den sida av Førde som faktisk har litt sol. Og skodde. Skoddeheimen var tittelen på ein av dei første aktive norske bloggane. Forfattaren av bloggen var Nilssen. Skoddeheimen var eit univers som figurerte i skjønnlitteraturen hennar også. Han er scena for filmen som snart har premiere på kinoar over heile landet. Der møter ein Alma, Artur, Sæbjørn og døtrene hans, og mor til Alma. Det er meir Alma og mindre nepeforedlingsfabrikk i filmutgåva av historia. Det er mindre fagforeningskamp og meir mellommenneskelege relasjonar i filmen. Manuset har blitt veldig stramt, og tar færre avstikkarar enn kva boka gjorde. På godt og vondt. I filmen reiser ein ikkje til Bergen, som ein gjer i boka. Ein demonstrerar ikkje framfor Stortinget, som ein gjorde i boka. Boka har ein firedeling. Kvar del handsamar tema "utløysing" eller "sjølvrealisering". Delane blir som fire bilde, fire variasjonar rundt tema "utløysing". Meinar eg. Filmen er ikkje fire slike bilde. Han er ein dramaturgisk kurve forma som ein vestlandsk åskam.
Protagonisten er meir protagonistaktig i filmen enn i boka. Den nesteldste dotra til Sæbjørn er blondare i filmen. Artur er meir av ein bygdekjekkas i filmen. Den radikale dotra til Sæbjørn er framleis radikal. Karakterane har blitt tydelegare i filmen. På godt og vondt. Men språket og replikkane er umiskjenneleg Nilssensk.

Kva er sørvistelefon?

Sextelefon.

Du har ringt sextelefon?

Ja.

Regissør Systad Jacobsen + forfattar Olaug Nilssen = Sant. Sant. Artur + Alma = ?