Oktober: Ordkalott og Oslopoesi

Kroppen er tema for Ordkalotten 2015. Kvifor det? Ingvild Solstad Nøis forklarar til NRK P2: Kunstnarisk råd i festivalen lar på mange måtar litteraturen velje for…

program15smilutgaven

Kroppen er tema for Ordkalotten 2015. Kvifor det? Ingvild Solstad Nøis forklarar til NRK P2: Kunstnarisk råd i festivalen lar på mange måtar litteraturen velje for dei. Mykje litteratur går i dialog med samtida sitt fokus på kropp, meier ho. Programmet har ei overvekt av kvinnelege gjestar – som Eldrid Lunden, Pia Taftrup, Olga Ravn, og Helene Gudal og Victoria Kielland, som begge var kortlista til Tarjei Vesaas Debutantpris – dei åra då Gine Cornelia Pedersen og Amalie Kaasin Lerstang vann.

Ulike formar for talevanskar eller andre hinder for ytring er tema for Oslo Internasjonale Poesifestival 2015. Den tiande festivalen vil presentere dei nye diktsamlingane til Inger Elisabeth Hansen og Torgeir Schjerven, ha opplesning og prat med og ved Gro Dahle, Thorvald Steen og internasjonale gjestar som Gerdur Kristny (IS), Jordan Scott (CA) og Uljana Wolf (TY) krossdisiplinære arrangement, som det der Aasne Linnestå framfører dikt i samarbeid med Maja Ratkje og andre musikarar.