Olav Sletto og æresretten

Olav Sletto var én av dem som fikk en unnskyldning.  «Orsakinga har gjort ein forskjell for mange av dei, mellom anna for Olav Slettos etterkomarar,»…

unnamedxcvxvxcv

Olav Sletto var én av dem som fikk en unnskyldning. 

«Orsakinga har gjort ein forskjell for mange av dei, mellom anna for Olav Slettos etterkomarar,» skriver hun. 

I ordskiftet i Klassekampen den seinare tid har eg merka meg dette:

1. Korta har vorte blanda på ein måte som trugar med å gjera orsakinga til det den ikkje skulle vera: ein dom over forfattaren og diktinga.

2. Merksemda hopar seg opp kring tre av dei 17 dømde: far og son Bjerke og Alf Larsen. Det er taust kring dei 14 andre. Som til dømes Olav Sletto (1886–1963) frå Hol i Hallingdal.

Hun påpeker at Sletto var pasifist og «ein som aldri kunne vera del av ei autoritær rørsle, til dømes nazismen».

Sletto måtte likevel leva med at det vart stilt spørjeteikn ved hans nasjonale haldning under krigen. Kvifor? Mellom anna dette: Å vera pasifist i krigstid er ein nesten umogleg ståstad.

Almhjell skriver at Sletto «takka ja til diktargasje frå nazistyresmaktene. Bakgrunnen var at mellom anna biografen Lars Reinton søkte om diktargasje for Sletto i 1939, utan at forfattaren var informert om det. Søknaden vart ikkje trekt, sjølv etter då det vart klart at avgjerda ville liggje hjå nazimyndigheitene. Dei held imot Olav Sletto etter krigen at han ikkje sa ifrå seg gasjen.»

For sin «holdning» under krigen fikk Sletto av æresretten forbud mot å gi ut bok det første året etter krigen, og han ble dømt til å tilbakebetale 5000 kroner som han hadde fått i diktergasje. 

Han slapp, sjuk som han var, og etter søknad, å betala attende gasjen. Frå april 1948 var medlemskapen hans i forfattarforeininga i orden att. Men straffa var ei krenking av den frie kunstnaren, og eit tap av ære for forfattaren Olav Sletto. 

«Orsakinga frå Den norske Forfatterforening var heilt rett,» skriver Almhjell, «og ein verdig måte å markere foreininga sitt 125-års jubileum på».