Aktuelt

Om slitet og lykka

Liv Johanne Mossige debuterte i 2014 med romanen Tyskland. I 2018 kom Armauer, som Morgenbladets meldar Elisabeth Frøysland Pedersen har eit språk med et enkelt, detaljrikt driv og en…

Liv Mossige (foto: Anna-Julie Granberg)

Liv Johanne Mossige debuterte i 2014 med romanen Tyskland. I 2018 kom Armauer, som Morgenbladets meldar Elisabeth Frøysland Pedersen har eit språk med et enkelt, detaljrikt driv og en utsøkt sans for timing.

Kan du først skildre vegen til det å debutere som forfattar? Kva/ kven gav deg ideen om å skrive ei bok, og korleis holdt du ut dei tyngste rundane?

Eg fekk ideen til å skrive debutboka Tyskland då eg budde i Danmark. Eg såg eit bilete av ei ung dansk jente som dansa med ein tysk soldat ute på ei brygge. Ho var berrføtt og kledd i ein kvit kjole. Ho såg så lykkeleg ut, det var noko helt spesielt med blikket, det var eit sug i det. Så merkeleg kan livet vere at i det du trur du har møtt den store lykka, så blir den snart ein stor mørk skygge. 

Eg hugsar mor mi var så forbanna på ein forfattar ho hadde sett på tv, som snakka om kor lett han blei inspirert av alt mogeleg rundt seg, ein svart katt som gjekk rundt eit hjørne. Ho trakk fram Tarjei Vesaas som snakka om kor hardt slit det ofte var for ham å skrive. Det med Vesaas var liksom sanninga, medan han andre anten laug eller tok for lett på det. Eg synest det har vore nokon tunge rundar i livet, men det å skrive, det er ikkje eit slit for meg, det er berre ei lykke.

Kor kjem evna, talentet, kunnskapen, handtverket og/ eller sjølvtilliten frå? 

Viljen og lysta til å skrive har vore med meg frå barnsbein av. Eg har alltid vore veldig stille men med ei brennande lyst til å uttrykke meg, og for slike som oss er jo skriving ein ganske god utveg. Skrivinga gjer også at eg kan gå ut av meg sjølv og vere andre: Ein stor breikjefta Bergens- klokker til dømes i den siste romanen min Armauer.     

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag (skrivedag) ut – og på ein månad – kor mange skrivedagar får deu

Eg skriv heile tida i ei svart bok som eg alltid har med meg, eg skriv medan eg lagar mat og snakkar med ungane, eg skriv før eg legg gåver under juletreet. Tre dagar i veka jobbar eg som norsklærar i vidaregåande skule, medan to dagar er heile skrivedagar heime. Nokre gongar kan eg sakne det å skrive i fleire dagar i strekk, og å vere inne i karakterane sin tankeverd over lengre tid.    

Kan du sjølv velje bøker å undervise i norsk på? Kva bøker vel du, i tilfelle? Kor ofte skjer det at du som lærar kjenner at du treff elevane – at dei finn i bøkene det som du (om du vel dei sjølv) håpar at dei skal sjå?

Ja, eg er ganske fri til å velje ut bøker når eg underviser i norsk. Det blir mest noveller og dikt, kortare tekster. Eg har lese både Emily Dickinson og Alice Munroe med elevane og det fungerar fint. Det er viktig å velje ut tekstar som eg sjølv har eit sterkt forhald til, det påverkar jo formidlinga. Merkeleg nok hugsar eg best dei gongane kor elevane har reagert negativt på ein tekst. Ei novelle eg likar godt er «Abraham hogger ned Isak» av Espen Haavardsholm, om ein mann som drep stesonen sin. Det er en vond tekst å lese, rystande. Eg hugser ein time kor elevane ikkje verka å være noko særleg opptatt av innhaldet, men var meir fokusert på forma. Det var nesten så eg blei fysisk uvel av det: Den kalde akademiske tekst- tolkninga hadde kommet i vegen og klussa det til sånn at elevane hadde blitt blinde for den rystande handliga.

Kva tenkjer du er litteraturens rolle i samfunnet og for menneska? Kva betyr den for deg? 

Litteraturens viktigaste rolle er kan hende at den tilbyr oss ein moglegheit til å sjå verda gjennom andre sine auge, å sjå verda på ein måte som er annleis enn det ein er vann med. Men eigentleg så synest eg det er vanskeleg å sjå korleis litteraturen påverkar samfunnet på nokon måte. Var til dømes verka til Brecht med på å endre noko i samfunnet? Eg trur ikkje det. Ein skulle kan hende sagt dessverre, men eg lar være.   

Korleis vil de skildre det litterære prosjektet dykkar?

Eg vil at lesaren skal få eit nytt blikk på historiske hendingar som dei meiner dei kjenner frå før. Eg likar å fantasere fram miljø og karakterar. For tida verkar det som fantasien er ute i hardt vær i nokre kretsar, men hos meg får den tak over hovudet og varme klede.   

Korleis løyser du dette med å gi nye blikk på historiske hendingar som vi trur vi kjenner? Jobbar du så mykje med research at du veit noko om den historiske hendinga som ein ikkje visste frå før? Litt sånn som Thorvald Steen jobbar? Eller handlar det om måten du skildrar og formidlar det som ein allereie veit?

Eg er meir opptatt av å lage psykologiske portrett enn klassiske historiske romanar. I dei to romanane eg har skrive har eg teke utgongspunkt i kjende historiske hendelser i Norge: Behandlinga av såkalla tyskerjenter etter 2. verdenskrig, og Armauer Hansens oppdaging av lepra- basillen på slutten av 1800-tallet. Fokuset i romanane har vore karakterar som står heilt i utkanten av desse hendingane og som opplever dei på ein litt rar og forvrengd måte: Den mentalt forvirra Hanne i debutboka mi prøver å gå til Tyskland gjennom skogane i Enebakk i 1946. Johanne i Armauer er dødsjuk med Lepra men har klokketru på at ho kjem til å bli frelst og frisk berre ho kjem opp til Lungegårdshospitalet.

Eg vil blanda sjangrar sånn at dei passar til det litterære utrykket. Eg les ofte skodespel framfor romanar og er veldig opptatt av denne sjangeren, men også av lyrikk. Eg sett opp dialog litt som forma på eit dikt. Eg vil at lesaren raskt kan kunne kjenne at, at ei tekst er skrevet av meg.     

screenshot_2019-02-18_at_11.04.32.png

(Skjermdump frå Facebook er gjengitt med lov frå diktaren Terje Dragseth)