Postkort fra styret

Gjennom måneden publiserer vi postkort fra medlemmene i DnF-styret. I dag: Sivert Nesbø.

Helsing frå Bretagne, sørsida av neset. Eit år eller to før han døydde, var Pentti Saarikoski her saman med Mia Berner. Han gjorde nokre oppteikningar, som seinare vart trykt i Vagant. Det var Espen Stueland som gjorde meg merksam på dette, på ein fest på årsmøtet, etter at vi hadde prata om finsk litteratur og eg nemnde at eg nyleg hadde vitja Saarikoski si grav i Heineväsi. Brått sykla han heim og rota gjennom kassene sine (han hadde nett flytta attende til Oslo, og alt stod på hovudet) før han vende attende til festen med Vagantnummeret under armen. Ein får freiste å gjere vel for dei ein møter. Med takk, og ønske om ein god sommar!

– Sivert