Det Norske Samlaget holdt årsmøtet sitt på torsdag, og delte ut fire prisar. Samlagsprisen hadde fått ein dobling av prisbeløpet frå i fjor og har på den måten fått enno meir tyngd og meir av ein litteraturpris å rekne med. Han gjekk i år til Brit Bildøen. Omsetjaren Lars Moa fekk Sokneprest Alfred Andersson-Rysst Pris. Særleg vekt la juryen på arbeidet han har gjort med å omsette Carl Jóhan Jensens store verk frå færøyisk. Svein Erik Brodal vann Hulda Garborgs Reisestipend, og sportsjournalisten Harald Thingnes målprisen for i år.
Prisdryss frå Samlaget
Det Norske Samlaget holdt årsmøtet sitt på torsdag, og delte ut fire prisar. Samlagsprisen hadde fått ein dobling av prisbeløpet frå i fjor og har…