Aktuelt

Ragnar Ulstein er død

Ragnar Ulstein kjem frå Ulstein på Sunnmøre, og var løyntnant i Kompani Linge under krigen. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1961 med romanen Harpegjengen. Men allereie…

Ragnar Ulstein. Foto frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Ragnar Ulstein kjem frå Ulstein på Sunnmøre, og var løyntnant i Kompani Linge under krigen. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1961 med romanen Harpegjengen. Men allereie i 1948 gav han ut sakprosa: Kompani Linge I og II. I 1964 kom den andre romanen hans, og med det medlemsskap i DnF. Ulstein var også statsstipendiat, og ein aktiv journalist og forfattar heilt fram til han døydde. Han ferdigstilte romanen Etterdønningar. Den kjem ut i 2020. 

Då Ulstein var ein framtredande motstandsmann under Andre verdskrigen, vil staten betale gravferda. Kong Harald vil vere tilstades under bisettinga, og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen halde minneord. Til NTB seier Bakke-Jensen: «Ulstein var eit av dei siste tidsvitna.»