Rammeavtale for Den kulturelle skolesekken

Det er ulike reglar og ordningar for lønns- og næringsinntekt. Som lønnstakar får du ein lægre sats, 2 600 kr pr dag, men dette gir…

skolesekk

Det er ulike reglar og ordningar for lønns- og næringsinntekt. Som lønnstakar får du ein lægre sats, 2 600 kr pr dag, men dette gir deg rettar du ikkje har som næringsdrivande, som t.d. rett til lønna permisjon ved eigen eller barns sjukdom. Arbeidsgivar er også forplikta til å teikne yrkesskadeforsikring og reiseforsikring. Med lønnsinntekt får du også nytte av minstefrådraget i sjølvmeldinga, så sant du har lønnsinntekt over 4 000 kr pr. år. Ved langvarig sjukdom er det meir gunstig å ha lønnsinntekt som utrekningsgrunnlag enn næringsinntekt.

Dagsats (minstesats) for sjølvstendig næringsdrivande er sett til 3 323 kr. Dette gir ikkje same rettar til løn ved t.d. sjukdom, men du vil her ha mulegheit til å trekke frå kostnad til næring i næringsoppgåve som blir sendt inn i lag med sjølvmelding kvart år. Når du vel, eller får tilbod om, å få det utbetalt som næringsinntekt, har du rett til å krevje at oppdraget skal bli formidla gjennom Norsk Forfattersentrum om du ønskjer det.

Vi gjer merksam på at kvar enkelt forfattar må krevje vederlag for bruk av tekst. Dette gjeld også eigen tekst. Det vil seie at du i tillegg til avtala dagsats kan avtale eit beløp som vederlag for den teksten som blir lese eller framført. Fram til no har tilrådd minstesats for dette vore 300 kr pr. framsyning. Sjå avtale for bruk av tekst på Litteraturbruket sine nettsider:

http://www.litteraturbruket.no/pub/litteraturbruket/main/?cid=31&aid=30

Ver også merksam på at du sjølv må seie frå om du ikkje ønskjer opptak eller strømming av framføring eller opplesing.