Bare veker etter terrorhandlingane i Oslo sommaren 2011, tok forfattarane Eirik Ingebrigtsen og Gunstein Bakke iniativ til ein litterær respons på – og umiddelbar refleksjon rundt åtaka. Antologien Respons 22/7 blei til hausten 2011, kom ut på Oktober Forlag, og har tekstbidrag frå forfattarar som Jon Fosse, Karl Ove Knausgård, Monica Aasprong, Nils Henrik Smith og Marie Kriznik. Ved sia av ei rekke andre norske forfattarar, bidreg også utanlandske forfattarar som Ann Jäderlund og Wael Pholip Gallab. Boka var av dei første publiserte verbale refleksjonane og uttrykka etter hendingane, og blei meldt i viktige litteraturaviser som Klassekampens Bokmagasinet og Aftenposten. Nyleg kunne iniativtakarane og redaktørane Ingebrigtsen og Bakke melde at boka har samla inn 245000 NOK til Røde Kors sitt akutte og langsiktige naudhjelpsarbeid på Afrikas Horn.