Samlagsprisen for 2023

Brynjulf Jung Tjønn får Samlagsprisen for 2023.

Samlagsprisen er ein litterær pris på 50 000 kr som blir utdelt årleg til ein forfattar som skriv på nynorsk.

Prisen vart først utdelt i 2018 og blir tildelt uavhengig av forlag, annankvar gong til ein sakprosaforfattar og ein skjønnlitterær forfattar.

Om mottakaren for 2023, Brynjulf Jung Tjønn, skriv juryen:

«Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen. Bøkene skildrar korleis vonde hendingar i barndomen kan føre til at omsorg i neste ledd blir uendeleg vanskeleg. Han viser kompleksiten i eit menneskesinn og i dei medmenneskelege relasjonane. Tjønn fortel med varme og nyanse om menneskelege tilhøve og livet. Den audmjuke forteljeforma gjer at lesaren sjølv må gjera opp si eiga meining. Den gjer at lesaren kan få djupare innsikt i hendingar som har sett spor i eige liv og kva som skal til for å leve vidare med fortida. Bøkene skaper såleis på ein sjeldan måte dialog med lesaren om spørsmål det svært ofte er vanskeleg å snakke om.»

Me gratulerer!