Selfoss City Lights

Pengane brukte han til å bygge opp bokkaféen. Der er det eg trur må vere den største samlinga av sjakkbøker. Kongen på brettet er boka…

© Mette Karlsvik (2012)

Pengane brukte han til å bygge opp bokkaféen. Der er det eg trur må vere den største samlinga av sjakkbøker. Kongen på brettet er boka Sjakkens Holmenkollen. Eit prakteksemplar er stilt ut med framsida ut. Og i avdelinga for omsett skjønnlitteratur regjerer ein annan konge: Jeg skal vise dere frykten, Nikolaj Frobenius´ bok om forfattaren Edgar Allan Poe og redaktøren Rufus Griswold, er ei av dei få meir smale, norske titlane som er omsett til islandsk. Jo Nesbø, Tom Egeland og Anne B. Ragde er òg omsett. Men i dag, på Selfoss, er det Frobenius som står fremst: Bókkafé har ein heil stabel av dei. Selfoss er meir enn gravstaden til Bobby Fischer. Bonus, bokkafé og symjehall: Selfoss gir alt eg treng: Kva Shakespeare & Company er for Paris, kva City Lights er for San Fransisco, er denne bokkaféen for Selfoss. Smugrøyking på bakrommet lurar ingen. Det luktar røykjakke og skrivemaskin, gamle bøker, lær og god kaffi. – Fischer var først og fremst ein sjuk mann, seier Bjarni dagen etter. Bobby Fischer kjente seg forfølgt, og var kjent som ein eksentrikar og ein asosial person. Bjarni seier òg at Fischer hadde grunn til å vere paranoid; folk var ute etter sjakkpengane hans. Frå Bjarni lærer eg at mor hans var jaga av FBI. Fischer var paranoid og uroleg mens han levde. No, etter at han er borte, får han heller ikkje fred: I Bjarnis hyllemeter bøker om sjakk, er minst ti av dei om Fischer. Det finnst mange filmar om han også. Journalistar, turistar, folk flest: heile tida vil dei skjønne han litt betre, komme til djupet av løyndomen hans.
Dårleg kaffi på Bónus nokre minutt seinare. Men på supermarknaden er ei korg med billege DVD-ar, der eg finn Howl; filmatiseringa av Allan Ginsbergs kanoniserte dikt med same tittel. Der speler nokon Lawrence Ferlinghetti, det er frå rettsaken mot Ginsberg og forlaget; Howl gjekk gjennom liknande prosessar som Mykles Lasso rundt Fru Luna. Men her handlar det ikkje bare om spørsmål rundt det usedelege, men også om narkotika, mulegvis, det er ikkje lett å seie, det er ein tolkingssak. I filmen er Ferlinghetti framstilt som ein bitter mann. Men etter å ha lese essayboka Den siste beatpoeten av Linda Klakken framstår ikkje Ferlinghetti bitter, ikkje anna enn stolt av det han har gitt ut.
Lysa blir sløkt i Selfoss by. Bygda Eyrarbakki er ei lita mil unna. Det er her eg bur for tida, i den islandske forfattarforeininga sin bustad Nordurbær. Her ute, ved havet, er det på nokre måtar mørkare, men først og fremst vindfullt. Det høyrest hyl og ul over landet: langstrakte lydar som sur vind, vind som gjer fleire enn seg sjølv vondt. Frobenius´ bok får ligge uopna i kveld. Boka er mørk, men ikkje for mørk. Men historiene om Fischer, ein mann som var uroa også etter døden, den er bare minutt unna, både i tid og stad.