Aktuelt

Sigmund Doksum er død

Sigmund Doksum var fød 20. juni 1949, og døydde 10. juli etter eit kort sjukeleie. Doksum debuterte som forfattar i 1976 med diktsamlinga Syv hundre dødsfall…

Sigmund Doksum. Foto: Dorte Campion

Sigmund Doksum var fød 20. juni 1949, og døydde 10. juli etter eit kort sjukeleie. Doksum debuterte som forfattar i 1976 med diktsamlinga Syv hundre dødsfall og andre livstegn. Dei følgande tre åra gav han ut éi bok kvart år. Det blei til saman ti bøker for barn og vaksne, og i tillegg, i sitt 65. år, ein tekst i den eksperimentelle og prisvinnande antologien Cappelens Forslags Konversasjonsleksikon. 

Heile sitt vaksne liv levde og jobba Doksum i Danmark. Han gav bøkene sine ut i Noreg, på Gyldendal.