Kva betyr litteratur for deg?
Den kjensla eg hadde i Førde bibliotek dei formiddagane eg ikkje skulle noko anna enn å henge der, blant bøker og støv, den kan eg framleis oppdrive på ein god bibliotekdag. Det handlar om mulegheiter, trur eg. I alle desse bøkene finns det tusen millionar mulegheiter til å forstå verda på. Å lese er ein måte å forstå meg sjølv på, og skrive er ein måte å forstå verda på. Eller omvendt. Det er ein måte for meg å puste og vere på. Ein måte å finne sinnet og sorga. Og gleda, sjølvsagt. Himmel og hav, gleda er jo halve moroa!
Og kva gjer deg mest sint, sørgmodig, glad?
Bøker som vil noko utover den gode historia. Og bøker med den gode historia. Æch, eg likar å lese godt skrivne bøker.
Prøver du sjølv å skrive bøker som du liker å lese?
Ja, eg prøver jo å skrive godt skrivne bøker. Og så prøver eg stadig å trekke opp den store historia, men den blir det liksom aldri noko av.
Lykkest du?
I å skrive godt? Ja, det hender. Men dette er jo ein veg som aldri tar slutt. Eg kan alltids gå attende å seie at dette var bra, men det kan bli endå bedre. Og så er det på han igjen.
Kva betyr det for deg å ha fellesskap med andre forfattarar?
Avgjerande for sjølvbildet og sjølvkjensla, men ikkje uproblematisk. Eg kjenner ikkje mange forfattarar, men opplever at vi jobber fælt med å plassere oss i høve til kvarandre. Slitsomme greier.
Korleis kjenner du den fellesskapen best: med å lese dei andre sine bøker, eller med å vere i lag med dei?
Å lese, definitivt. Mennesket er ei nydeleg skapning, men for mykje av det gode er jo ikkje bra. Eg har det best åleine i stolen med boka.
Kva litteraturpolitiske saker brenn du for?
Brenner for er litt voldsomt, kanskje. Men utviklinga er udiskutabel, og når eg no har lyst til å finne gode bøker til borna mine på nettbrett må eg leite veldig. Det er viktig å stille kritiske spørsmål til utviklinga, men det er like viktig å ikkje melde seg ut. Internett er nok kome for å bli, og då må vi passe på at rettane våre blir tatt vare på!
Kva litteraturpolitisk sak kunne du ha gått i tog for?
Pensjonen vår? Altså, eg er framleis veldig fersk i dette, eg. Har skrive to romanar og held på med neste, men eg er liksom ikkje heilt inne i dette enno. Reint politisk blir det viktigare for meg med dei store spørsmåla enn med mine små, sjølv om det handlar om yrket mitt. Ikkje store spørsmål som livet og døden, men miljøet og framtida, skule og helse. (Ok, det er jo faktisk to sider av same sak!) Men i eit 1.mai-tog kunne eg nok gått bak ei DnF-fane som argumenterte godt for bedre pensjons- og sjukelønnordning for sjølvstendige. (Der. Eg fekk det til!)