Det er bra at Konkurransetilsynet følgjer med på bokbransjen. Forfatterforeningen er heilt einig i at bransjen må opptre ryddig og halde seg til norsk lov. Men skulle det vise seg at dei har brote lova, har vi i Noreg eit system for å straffe dette t.d. med bøter. Dei to medlemmene av Stortingets kulturkomité ønskjer ei alternativ straff, dei vil rette bakar for smed. Som straff for fire forlags eventuelle brot på lova ønskjer dei å gi dei same forlaga større makt over forfattarane, dei vil gi forfattarane ei lægre og mindre føreseieleg inntekt, dei vil sette avtaleverket vårt med fastpris som royaltygrunnlag i fare, og dei vil gi lesarane eit dårlegare utval og mindre valfridom når dei skal kjøpe eller låne ei ny bok.
Om fastprissystemet blir skrota frå 2015, mistar forfattarane kontroll over royaltygrunnlaget, da er det opp til forhandlingar mellom forlag og bokhandel kva forfattaren skal tene per selde bok. Det gir milliardkonserna i bokbransjen enda større makt over dei fleste forfattarar. Dei alt for låge forfattarinntektene vil for mange bli enda lægre.
Forsvinn bokavtalen, forsvinn også abonnementsordningane der ein stor del av bokhandlane forpliktar seg til å ta inn minst eitt eksemplar av bøker meldt på til Kulturrådets innkjøpsordning, og dermed også lesarane sin tilgang til breidda i norsk litteratur. Forfatterforeningen har lenge også tatt det for gitt at abonnementsordningane i den nye avtalen blir langt betre enn i den gamle. Tar ein vekk bokavtalen vil dette naturleg nok aldri skje.
Vi har vanskeleg for å forstå kulturpolitikarar som vil svekke språk- og litteraturpolitikken på grunn av fire storkonserns eventuelle brot på norsk lov. Forfatterforeningen er heilt einig med næringsminister Monica Mæland når ho seier at «Det er per i dag ikke mulig å se at den framtidige bokavtalen vil være direkte berørt av saken». Den norske Forfatterforening reknar med at dette er eit syn også resten av regjeringa deler.