Skriv best etter nokre dagar åleine

– For hand, utan nett og bak ei lukka dør, seier ny DnF-medlem Maren Barlien (33).

Foto: Ole Ekker

Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?

Eg fekk sjansen til å jobbe vidare med eit manus eg skreiv på då eg gjekk forfattarstudiet i Bø, og så vart eg nysgjerrig på kor langt eg kunne komme med det. Slik sett var det eigentleg litt tilfeldig.

Nokre ord du prøver å unngå/bruka litt mindre?

Liksom.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?

Eg skriv best etter nokre dagar åleine, for hand, utan nett og bak ei lukka dør.

Kva liker du å lesa?

Som regel litteratur eg lærer noko av, eit språk eller eit stilgrep eg prøver å få taket på. Om eg les for moro skuld er det gjerne episke bøker, eller fantasy.

Kva synes du om norsk litteraturpolitikk?

Held meg unna, så godt eg kan.

Kva forventingar har du til medlemskap i Forfatterforeninga?

At eg endeleg skal få bli med på julebord med vennene mine Atle Håland og Erlend Wichne. Elles ikkje så mykje.

Maren Barlien har utgjeve romanen Einbreid bru (Samlaget, 2023).