Aktuelt

Skriv du, Ingrid Storholmen?

– Det stemmer at det tok ti år mellom romanene Svendsens Catring og For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges, og spesielt i forleggeres…

storholmen-ingrid

– Det stemmer at det tok ti år mellom romanene Svendsens Catring og For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges, og spesielt i forleggeres verden er det fryktelig lang tid, sa Kyrre Andreassen til Klassekampens Bokmagasinet i fjor, og held fram:

– Men hvis jeg trekker fra tiden jeg har brukt på andre jobber, pendling til og fra jobb, unger, pluss generelt surr, har jeg regner ut at jeg var nede i et par-tre år med effektiv jobbing på Karthago, og å bruke mindre tid på å skrive et bokmanus som også skal leses av redaktør, manusvaskes, korrekturleses og få et omslag og den hersensbaksideteksten, samt bastes og bindes nede i Litauen en plass, det kan umulig bli en god bok. Sagt på en annen måte: Det er ikke meg det er noe gærent med.

Nei då. Det er ikkje noko galt når det går ti år mellom romanane. Men det er vel lov å lengte etter ny bok, og lov å spørje om det er noko på gang? Sjølv ikkje når førre bok kom i 2014? 

Då Ingrid Storholmen forklartekvifor det har gått nokre år sidan førre bok, innsåg eg at det verkeleg ikkje har gått lang tid sidan førre bok. Her lå Tirpitz kom i 2014, og sidan då har forfattaren har vore gravid, har fødd, vore i barsel og i foreldrepermisjon, så i praksis er det berre eitt par år ho har hatt å jobbe på sidan sist. Men ein seier jo ikkje nei takk når Storholmen har delt informasjon om skriveprosessen sin. På spørsmåla Kva skjer, kva driv du med, skriv du, kva skriv du på, og kvifor har det ikkje komme bok dei siste åra, svarar Storholmen slik:

Kva skjer, 

Eg er i gang med langspurt på ny roman! Den prosessen er lang, og tung. ”Som å dra et flygel opp av myra” som Brikt Jensen sa, men det er jo eit artig slit da. Satsar hardt på å bli ferdig med boka  til utgiving hausten 2019. Og da treng eg verkeleg tida! For å orke oppløpet med all sittinga og musearmar,  trenar eg, fysisk og mentalt samtidig, litt Ole Einar Bjørndalen-aktig, dvs at på tredemølla tenkjer eg at ”eg har kondisjon og uthaldenheit  til å klare dette arbeidet”, medan eg driv med  benkpress tenkjer eg at eg skal makte å spenne frå etc. På kontoret har eg hengt opp omslaget til boka på veggen, der eg ser opp mot målet, som altså er å få klar romanen eg har kalla ”Støvbærar”. 

Elles er det  fleire omsettingar på gang, både av romanar og diktsamlingar, til m.a.  fransk, engelsk og nederlandsk. Stas!

kva driv du på med, Skriv, ikkje noko (ute) liv, men ein forfattar som får til å jobbe og har los på bok, er det ikkje synd på. Også har eg ein veldig fin og dyrebar  ”hobby” som heiter Harriet som nettopp vart tre fagre år. Så dei timane eg ikkje jobbar, har eg det artig på golvet med lego, togbane og eit barn som seier ”mamma, eg er oppdikta”… Men det er ikkje tid til berre leik, utfordringa mi er at bokmanuset no er på om lag 500 sider, og det skal ned til under det halve, phu!

I tillegg har eg fått eit bestillingsverk til opninga av Olsok-dagane i Stiklestad kyrkje saman med ein musikar. Det er ei fin og stimulerande avveksling. 

skriv du, kva skriv du på? Eg skriv altså, eller redigerer, stryk og tilpassar. Romanen handlar  om misjon og religion, om det å tru, og kva det gjer med ein. Hovudpersonen er ei kvinne frå Noreg som dreg til India som misjonær og jordmor og er der heile livet. Mot slutten blir ho mildt ”radikalisert”, i kampen for santalfolket som blir grovt utnytta i steinindustrien. Spørsmål som kjem opp er  om ein sjølv  må vere god for å gjere det gode? Kva gjer for stor einsemd med eit menneske, og blir det meir himmel på jord av å drive misjon? 

Kvifor har det ikkje komme bok dei siste åra? Eg har jobba mykje altså! Og fødd eit menneske. Romanen eg skriv på er omfangsrik, researchen stor, og prosessen har vore lang, ni år, faktisk, sidan ideen kom,  eg har også fleire lengre opphald i India bak meg. 

Dessutan  er eg nesten ferdig med ei kortprosasamling som skal heite ”Du som kom og het mitt barn”, midt i barselsbølga, men eg prøver å ha ein høgare kvelving over temaet, enn berre bleier og blod. 

 I tillegg skriv eg på barneboka om hunden Prins og om vennskap, som er utforma som ein brevroman til det barnet som les.

Andre ting eg har gjort desse åra er: Skrivekurs for unge einslege flyktningar. ” De viktigste bøkene” – bokbad-serie om personleg kanon, diverse DKS-oppdrag. Mest gøy har vore opplesingar på litteraturfestivalar  i Nairobi, Istanbul, Nikosia, Silkeborg m.a.

Kvifor tok det 5 år sidan førre bok? …er langsame prosessar dette, tenke, jobbe, motivere seg sjølv til eit så stort arbeid, det held ikkje med Andre Bjerkes ord om at  ”salige er uvirksomhetens timer, for da arbeider sjelen…” Jobben med denne boka ein doktorgrad i omfang, på alle vis. Mykje å skulle igjennom med over 200 år med norsk misjonshistorie i India. Eg har verkeleg lese mange beretningar frå misjonsmarka, med titlar som ”Der brunosten smeltar”

Eg er utolmodig etter å skrive fleire bøker, kjenner på at det brenn på dass!  Så det er berre å jobbe. Det er i 40 og 50 åra ein statistisk sett skriv sine beste bøker, så no skal eg køle på, med maskuline ambisjonar.

Ingrid Storholmen debuterte i 2001 med dikta Krypskyttarloven, og fekk gode kritikkar både for denne og seinare bøker. Særleg merksemd fekk ho for prosaverket Tsjernobylfortellinger, som var nominert til Brage- og Kritkerprisen, og var òg nominert til IMPAC Dublin Literary Award 2015.