Skrivedagen startar ofte med prokrastinering

– Det er utruleg kor mykje husarbeid eg får gjort når eg skal skrive, og utruleg kor mykje eg får skrive når eg skal gjere husarbeid, seier Kristin Tveiten (58), ny DnF-medlem.

Foto: Oda Berby

Kvifor ville du bli forfattar?

Det var ikkje eit medvite val eller mål å bli forfattar, i alle fall ikkje før eg var i gang med debutboka. Det var kunstnar eg tidlegare hadde tenkt eg skulle bli «når eg blir stor», men eg trur mykje av det kreative heng saman, at det kjem frå same kjelda, enten det er litteratur, kunst, musikk e.l.

Korleis var din veg inn i forfattarskapet? Når og kvifor byrja du å skrive?

På eit tidspunkt merka eg at det byrje å dukke opp ord og setningar i hovudet. Eg noterte dei ned, og etter kvart vart det til dikt, songtekstar og andre mindre tekstar. Seinare hadde eg eit tema eg hadde eit ynskje om å formidle, historier og scenar som pressa på og trong meir plass. Det var starten på fyrste romanen, og då var eg seld!

Kva ord prøvar du å unngå/bruke litt mindre?

Nokre småord verkar å snike seg umerkeleg inn i teksten, slik som «litt» og «berre». Dette er nok ord vi brukar mykje i daglegtale, men kanskje har eg òg ein tendens til å ville moderere meg. Elles har eg aldri noko mål om å bruke mest mogeleg framandord. Eg vil at boka skal vere leseleg for dei fleste, at ein ikkje treng sitte med nasen i Google eller i framandordboka. Samstundes finst det mange flotte ukjende ord eg vil at lesaren skal få auga opp for.

Kva forhold har du til å stryke tekst?

For meg rasar ikkje sidene av garde i skyhøgt tempo, og såleis er det sjeldan eg treng å stryke i store jafs. Eg arbeider seint og trutt og småstryk undervegs. Ofte opplever eg at sistesetninga i eit avsnitt viser seg å vere overflødig, at ved å stryke denne får avslutninga ein heilt annan snert.

Kan du fortelje litt om skriveprosessen din? Kva må vere på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?

Historia er ofte klar i grove trekk i hovudet når eg tar til å skrive ut. Då byrjar eg gjerne frå starten og skriv meg framover. Sjølv om hovudelementa er på plass, skjer det mykje undervegs i skrivinga, små finurlege ting som kjem inn frå sidelinja. Dessutan verkar hjernen å vere tuna inn på det eg jobbar med 24-7, og syg til seg det som måtte passe inn.

Skrivedagen startar ofte med prokrastinering. Det er utruleg kor mykje husarbeid eg får gjort når eg skal skrive, og utruleg kor mykje eg får skrive når eg skal gjere husarbeid. Når eg då omsider er klar, går eg ut i skrivestova, rettare sagt skrivekroken i utestova. Eg er så heldig å ha ein plass utanfor huset, der ein ikkje høyrer kjøleskåpet rope eller vaskemaskina pipe. Der er det stille og lite forstyrringar, berre fuglar og eit og anna rådyr som fer forbi. Det beste er periodar der ingenting skjer, ingenting eg gler eller gruer meg til, slik at eg berre kan vere i skrivebobla.

Les du andre forfattarar medan du skriv?

Eg les minst når eg er i den mest produktive fasen. Då blir lesinga ofte oppstykka fordi tankane vandrar til eigne prosjekt, og eg må stadig notere meg noko. Eg føler at boka eg les ikkje får den merksemda ho fortener. Men kanskje er det ein god ting òg, sidan det ikkje er sikkert at eg hadde kome opp med notata om eg ikkje hadde lese. Kanskje eg faktisk burde lese meir!

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeninga?

Det kjennest riktig å vere med i, og ikkje minst å støtte, ei foreining som fremjar norske forfattarar sine interesser. Samstundes blir det fint med eit større kollegialt fellesskap på tvers av forlag.

Kristin Tveiten har utgjeve romanane Menneske og møll (Samlaget, 2021) og Nålehuset (Samlaget, 2024).