Sollaug Sargon kjem frå Kautokeino, men flytta til Karasjok for å ta artium. Ho utdanna seg til barnevernspedagog i Alta, og endte med ein mastergrad i spesialpedagogikk og jobb og tilhald i Kautokeino. Når eg ringer henne har kulda nyleg sluppe taket i Oslo, og gradestokken har krøpet opp mot fire minus. På Finnmarksvidda, der Sollaug Sargon bur, er landskapet kvassare i kantane:
– Det er 25 minus og frost, ja.
Sargons debut som diktar kom i 2013, og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris frå det samiske språkområdet. Savvon bálgáid luottastit heit debuten og blei gjendikta av Laila Stien og Mikkel A. Gaup – til tittelen gå opp gjengrodd sti. I 2017 kom samlinga ii čága čihkosii og i 2019 Duđa eallimii. Når vi snakkar på telefonen no, har Sargon nesten nyleg gitt ut Morihit giđđii. å våkne opp til våren, heiter diktboka på norsk, og handlar om korleis ein karakteriserer kvarandre og mlijøet vi omgir oss med. Sargon trekk liner heilt attende til greske filosofar og antikk tid, og skriv – som tidlegare – på nordsamisk.
Kva vil du seie er dine tematikkar og din form, som forfattar?
Eg skriv dikt. At eg byrja å skrive, handlar om at eg er ein del av samene sin kultur og historie. Eg har kjent på korleis det er å vere av urbefolkning og bu i eit majoritetsamfunn. Det har gjort meg oppteken av politikk, av at vi har vore undertrykt gjennom historia og heilt fram til i dag. I tidlegare bøker har eg skrive meir generelt om dette. I den andre boka mi skreiv eg meir om mine eigne, spesifikke røynsler, slik som det å bli sett i eit klasserom der undervisninga skjedde på norsk, utan å forstå norsk. Skulebøker på norsk, ukjente bøker, ukjente historier, ukjent språk.
Du er no ei voksen kvinne, med mange år der du kunne ha sette ord på røynslene. Måtte det ta så lang tid før du skreiv skjønnlitteratur om det?
Eg har alltid, heilt sidan eg var barn, filosofert over desse tinga. Det å mobbe det som er annleis. For meg var det også ein terapi å få sette ord på det. Men no har eg bevegd meg litt, og komme meg vidare. Eg minnast godt da eg var i Oslo ein gong. Forfattaren Ole Robert Sunde sa til meg: «Hvorfor skriver samer bare om fortiden, om det gamle?» Eg tenkte: Men jøss, det kjennest ikkje gamalt. Det er slik eg opplever det i dag, men kanskje dette gjorde at eg byrja å skrive meir om andre tema, slik som menneskelege relasjoner i kvardagen.
Men er det ikkje noko i at ein må skrive eller snakke eller gråte seg gjennom eit traume før ein kan forventast å gå vidare, tenkje klårt og godt på det som er her og no eller på andre temaer?
Eg har kjent at eg har skrive meg gjennom det. Difor skreiv eg i den siste boka mi også om andre tematikkar, slik som relasjonar mellom menneske. Korleis karakteriserer vi andre menneske? Det er mykje å hente heilt tilbake i gresk filosofi på det tema der. Eg er oppteken av menneske og relasjonar, kanskje fordi det er faget mitt.
Eitt av faga dine er spesialpedagogikk. Men vil du ikkje seie at litteratur også er det?
Skriving er hobbyen min, noko eg driv med på fritida. Eg har ikkje tenkt at eg kan leve av det fordi fordi ein ikkje har så mange lesarar når ein skriv på samisk. Eg forventar ikkje å drive med det på heiltid.
Men synest du at pedagogikk og lyrikk deler noko, at det er synergiar mellom felta?
Lyrikken har i seg mykje informasjon, også fakta, kultur og historie. Så dei kjem nok saman. Men på ein måte får eg vere meir kreativ når eg skriv. Da bruker eg mine eigne ord, og eg kan blande psykologi, historie, politikk, kultur og urbefolkningstematikk slik som eg opplever det, og har oppleved det opp i gjennom oppveksten.
Ole Robert Sunder skriv til oss i e-post: Det jeg mente den gangen jeg traff henne, ettersom vi begge var innstilt til Nordisk var egentlig om hvorfor så mange samer skriver om naturen, det var det jeg tenkte og gammel at de skriver i en lang tradisjon, det liker jo også jeg.