Språkprisen til Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987) har tidlegare stått på kortlista til Språkprisen, men i år meinte juryen at det var umogleg å gå forbi henne. Sjølv…

kristin-fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987) har tidlegare stått på kortlista til Språkprisen, men i år meinte juryen at det var umogleg å gå forbi henne. Sjølv om ho er ung, har Fridtun rokke meir enn dei fleste når det gjeld å formidle kunnskap om språk og samfunn, og ho har gjort det med stor entusiasme. Seinast i haust gav ho ut boka Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt.

Jurymedlem Merete Røsvik seier at Fridtun har markert seg som ein produktiv forfattar og samfunnsdebattant med særs god formidlingsevne og stor språkglede.

– Ho har tilført den offentlege debatten nye perspektiv både på språk og i spørsmål om kjønn og seksualitet, og ho viser alltid vilje til å saumfara både eigne og andres standpunkt. Slik gjev ho eit viktig bidrag til å halde den offentlege samtalen sakleg og konstruktiv, til inspirasjon for oss alle.

Underhaldande fagformidlar

Juryen skriv mellom anna dette om vinnaren: «Kombinasjonen av gode analytiske evner og evna til å sjølv finne klargjerande språklege bilete gjer Fridtuns tekstar både lærerike og underhaldande. Fridtun lærer oss å vere meir kritiske i omgang med dei orda vi røyner verda med».

Kvart år deler Språkrådet ut Språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk. I år har nynorsken stått for tur. Prisen blir delt ut av direktør i Språkrådet Åse Wetås.

– Det er ei glede å gje denne prisen til Kristin Fridtun. Ho er ein språkmektig forfattar i dobbel tyding. Ho har stor fagkunnskap om språk, samtidig som ho brukar språket på ein levande og kreativ måte, seier Wetås.

Utdeling i Bergen

Prisen blir delt ut onsdag 20. november på Litteraturhuset i Bergen klokka 18–20. Etter utdelinga skal Jens Kihl intervjue Kristin Fridtun. Kihl skal òg leie ein panelsamtale om det gode sakprosaspråket. Panelet består av Språkrådets språkprisjury: Sverre Tusvik (juryleiar), Toril Opsahl, Merete Røsvik og Knut Hoem.

Prisen er på 100 000 kroner. Blant dei tidlegare vinnarane finn vi Maria Berg ReinertsenAlfred Fidjestøl og Ivo de Figueiredo.

Kjelde: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2019/sprakprisen-2019-gar-til-kristin-fridtun/