Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Noreg som gjesteland på Bokmessa i Frankfurt. Til Bokåret 2019 har regjeringa tildelt 30 millionar kroner av spelemidlane til Nasjonalbiblioteket. I Bokåret 2019 foreslår regjeringa dessutan til saman 10 millionar kroner til ulike tiltak for litteraturen for barn og ungdom.
Regjeringen tar sikte på å innføre merverdiavgiftsfritak for e-bøker og e-tidsskrift fra 1. juli 2019. Regjeringen kommer tilbake med et konkret forslag i Revidert nasjonalbudsjett etter at det har vært på høring og er avklart med EFTAs overvåkingsorganI ei pressemelding fra Kulturdepartementet heiter det at «språk og litteratur er ein viktig del av norsk kulturarv, og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa vil føre ein aktiv språk- og litteraturpolitikk, som sikrar både bokmål og nynorsk og dei offisielle språka i Noreg. Noreg skal vere hovudland under bokmessa i Frankfurt i 2019, og staten bidrar med 30 millionar kroner til dette prosjektet. Regjeringa vil løyve same beløp over spelemidla til Nasjonalbiblioteket i markeringa av Bokåret 2019 her heime. Vidare ønskjer regjeringa å løyve 10 millionar kroner til tiltak for å styrkje barne- og ungdomslitteraturen.»
Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt i 2019. Prosjektet har fått tilsegn om 30 millionar kroner i statleg tilskot, og regjeringa følgjer opp dette med framlegg om nye 15 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019. I samband med Bokåret 2019 gjer regjeringa framlegg om 10 millionar kroner ekstra på barne- og ungdomslitteratur, i tillegg til 30 millionar kroner av spelemidla.
– I 2019 skal norsk litteratur bli løfta til nye høgder, der leselyst og kvalitet for dei viktigaste lesarane våre, nemleg barn og ungdom, blir heilt sentralt, seier kulturminister Trine Skei Grande.
– At Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt, og i tillegg fokusland på Berlinalen og Jazzahead i 2019, inneber eit unikt høve til å fremje norsk litteratur og kultur nasjonalt og internasjonalt, og er ei av dei største utanrikskulturelle satsingane i nyare tid, seier ho.
Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Noreg som gjesteland på Bokmessa i Frankfurt. Same sum blei løyva i 2018.
Til Bokåret 2019 har regjeringa tildelt 30 millionar kroner av spelemidlane til Nasjonalbiblioteket, for å styrkje litteraturformidling i biblioteka og andre institusjonar som fremjar leselyst og leseglede.
I Bokåret 2019 foreslår regjeringa dessutan til saman 10 millionar kroner til ulike tiltak for litteraturen for barn og ungdom. Pengane vil bli fordelte på tiltak under Norsk kulturfond, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Det Norske Samlaget og Norsk barnebokinstitutt, med auka støtte til heile kretsløpet frå forsking og barnebokkritikk, til forfattarøkonomi, utgiving, distribusjon og formidling.
Regjeringen vil innføre merverdiavgiftsfritak for ebøker frå 1. juli 2019. Regjeringa kjem tilbake med eit konkret forslag i Revidert nasjonalbudsjett.
Satsinga inneheld desse forslaga:
- 6,5 millionar kroner til Norsk kulturfond for å styrkje kvaliteten og formidlinga av barne- og ungdomslitteraturen. Midlane skal gå til innkjøpsordningane og som tilskot til produksjon og formidling.
- Ein auke på 1,5 millionar kroner til barne- og ungdomsbokforsking ved Norsk barnebokinstitutt
- Auka informasjons- og formidlingsverksemd i Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, med ei styrking på 1 million kroner
- Ein auke på 1 million kroner til Samlaget sitt arbeid med å styrkje nynorsk innhald digitalt – også i seriesegmentet