Aktuelt

Stort drama. Og på botnen: Tærande følelsar.

Laura Djupvik veks opp på Gurskøy på Sunnmøre. Ho bur der til ho er tjue, og vil eigentleg spele teater. Men så begynner ho på…

djupvik

Laura Djupvik veks opp på Gurskøy på Sunnmøre. Ho bur der til ho er tjue, og vil eigentleg spele teater. Men så begynner ho på universitetet. Ho studerer historie, musikk og etterkvart litteratur. Ho, med hundrevis av andre. Så Djupvil, ho tar teaterkurs. Der får ho skriveoppgåver. Det er då ho finn ut at ho eigentleg vil skrive. 

– For meg var det fridom i skrivinga. Seinare har eg tenkt at den fridomen var ein illusjon, det er alt anna enn fridom. Dette skiftar, no meiner eg nok at det finst ei særleg form for fridom i skrivinga som ikkje finst andre stader. Eg skreiv korte tekstar, viste dei til nokre få, heldt det for meg sjølv. Eg fann ut at eg sidan eg skreiv så mykje kunne eg likesågodt vere journalist. Så eg jobba som journalist medan eg heile tida tenkte at eg snart skulle skrive skjønnlitterært. Så tok eg fri frå jobben, reiste bort og skreiv i eitt nokre veker. Det vart til slutt til den første romanen min, «Båten er så liten» (Samlaget 2004). Då var eg gravid med mitt første barn og med eitt tok mitt «sitte for meg sjølv og tenke på ei setning»-liv slutt. Eg skreiv to barnebøker, fekk eit barn til, flytta, skifta jobb, flytta ein gong til. Etter ein spesiell og vanskeleg periode, vakna eg ei natt og forstod kva eg skulle skrive. Eg fekk ei slags erkjenning: Plutseleg kan det heile vere over og du har ikkje kome i gang enno. Så begynte eg på eit langt og merkeleg skriveprosjekt som endra seg fleire gonger undervegs. Det vart til den andre romanen min som kom på Kolon i 2013: «Kvitt».

– Og med det er du forfattar. Eller?

– No meiner eg at eg har funne ein slags balanse mellom familieliv – jobbliv (deltid i forlag) og skriving. I fjor kom eg med ei ny barnebok og no skriv eg intenst på det som skal bli min tredje roman for vaksne. 

– Kva var det som tok skrivinga frå «noko du likte å drive med» – til eit profesjonelt nivå som du, som du skriv: Jobbar med?

– Eg har inga skriveutdanning, men det at eg har jobba med andre ting, med teatertekstar til dømes, har hjelpt meg inn i skrivinga. Eg kan skrive på ulike måtar, noko som forvirrar meg, får meg til å tvile på kven eg er, men i gode stunder, når eg verkeleg jobbar, får eg det betre, ja, veldig bra. 

– Var det noko i barndommen som gjorde deg til skrivar? 

– Eg vaks opp i ein kristen heim, der «skrifta» naturleg nok stod høgt. Alle tekstar stod som i eit hierarki: kva som betydde noko og kva som ikkje nådde opp. Det var vanskeleg å sette seg opp mot dette, og eg har fundert på dette hierarkiet sidan eg var lita. (Det finst stadig mange hierarki, eg funderer på dei også.) Eg tar tekst så alvorleg, altfor alvorleg nokre gonger. Eg trur det er bra eg har gjort ein del andre ting. 

– Kva gjorde den kristne oppdraginga med deg som forfattar, trur du?

– Eg er på mange måtar eit religiøst menneske, men ikkje når eg skriv, då trur eg ikkje på noko, tenker ikkje på Gud, og om eg gjer det, blir det dårleg. Det er ein del av det som er fridom for meg, å sleppe å vere nokon, berre skrive ut alt saman. Eg drøymer meg mykje bort, har alltid gjort det, men eg trur kanskje det ikkje er så dumt. Det er i kampen mellom draumen om noko anna og utforskinga og erkjenninga av det som alt finst, at skrivinga tar til for meg. 

– Kva er dei andre tinga? Du snakka om forlagsarbeid? 

– Eg jobbar deltid som forlagsredaktør på IKO-Forlaget. Eg har også ein mann, to barn, ein katt. Familielivet mitt er naturleg nok ein stor del av livet mitt, og sidan eg har kontor heime, er miksen av skriving og familie kvardag for meg. 

– Og så til skrivinga: Kva er det litterære prosjektet ditt, kan du skildre det?

– Eg skriv realistisk, det er blandinga av det opphøgde og det kvardagslege som inspirerer meg. Korleis den eine augneblinken kan endre livet for alltid, nokre gonger nærast umerkeleg. Eg er svak for drama og store følelsar, men også dei små følelsane, som tærer og ligg på botnen. Det er sjølvsagt det menneskelege prosjektet som engasjerer meg, korleis menneska er saman, held ut eller forlet kvarandre. Korleis det enkelte mennesket prøver å sy saman eit liv og leve med alle sine draumar, med verdigheit. Det kan vere det eine mennesket som føler så mykje, blir tiltrekt av for mange eller det litt kalde mennesket, som sjeldan blir fylt opp, som samlar desperat på kvar vesle gnist. 

– Kva tema er du oppteken av?

– Eg er interessert i og les ein del psykologi, men eg les berre det eg er tiltrekt av, ulike jungianske psykologar til dømes. For kvart skriveprosjekt leiter eg etter ei forankring, anten det er i eit anna litterært verk, ein idé eller ei myte. Undervegs i skrivinga forlet eg det gjerne, men det har vore avgjerande likevel. 

– Kva les du helst?

– Nokre av mine store ideal er Alice Munro, Flannery O’Connor og gode, gamle Selma Lagerløf. Men elles må eg innrømme at kven eg les endrar seg heile tida, eg er heilt trulaus. 

Ein eg ofte kjem tilbake til er til dømes danske Helle Helle. Av norske les eg Vigdis Hjorth, Gro Dahle og Kjersti Annesdatter Skomsvold  berre for å nemne tre ulike! Eg har nett oppdaga James Salter, no les eg alt av han. 

– Eg les også mykje barnelitteratur — eg les med stor glede om igjen klassikarar som Roald Dahl og Tove Jansson til mine eigne barn, men også nye barnebøker — Guus Kuijer er ein annan forfattar eg set høgt. 

– … Og tilslutt: Du er frå nydelege Sunnmøre. På kva måte er det med i litteraturen din?

– Når eg skriv er eg mest konstant «på Vestlandet». Men i heile mitt vaksne liv har eg budd på Austlandet, først i Oslo og no Lier, utanfor Drammen. Eg lengtar konstant tilbake til Vestlandet, men trur vel eigentleg at eg trivs godt blant rolege og danna austlendingar i eit landskap med slak natur, bra jordsmonn og mange fine frukttre.