Aktuelt

Tale om ei god bok

Joakim Hunnes blir fødd i Vartdal på Sunnmøre i 1981. Han veks opp til å bli eit lesande menneske, eitt som les det han «burde…

joakim_hunnes

Joakim Hunnes blir fødd i Vartdal på Sunnmøre i 1981. Han veks opp til å bli eit lesande menneske, eitt som les det han «burde lese». Fransk poesi, Cartarescu og nobelprisvinnarane i Litteratur. Øen flyttar til Bø og går forfattarstudiet. Han flyttar til Bergen og går Skrivekunstakademiet. I 2011 debuterer han som forfattar med romanen Alle vet hvem du er. I 2015 kom novellesamlinga Bøen. Her skildrar Hunnes ulike skjebner; som læraren og tobarnsfaren som mistar alt og ikkje klarar å leve vidare. Som sjømannen som bankar opp ein kollega og blir sendt i land. Alle novellene har til felles denne vesle bygda i distrikts-Noreg.

Kven er forfattaren bak desse bøkene, han som også er eit nytt medlem i DnF?

JH: Joakim Hunnes

MK: Mette Karlsvik

MK: Kva er god skjønnlitteratur?

JH: Eg las siste boka til Morten Øen her i sommer, den "Tellemarch",og der sier "Morten Øen" (den fiktive hovudpersonen) noko om at han brukte å lese å like det som man skulle lese og like, men har begynt å like å lese det han sjølv liker å lese. 

Det synest eg var treffende. Eg og har slutta å lese det eg burde lese og les i staden det eg vil lese. Mindre fransk poesi og Cartarescu og den nyeste nobelkomiteen finner verdig. Mer Marcel Houellebecq, Thomas Mann, Peter Handke, Christian Kracht. Til tider til og med litt le Carre for adspredelsens skyld. Selvfølgelig liker eg litt norsk og, og ventar i spenning på Kyrre Andressens nye roman, er blant dei første som kaster seg over noko nytt frå Nils-Øivind Haagensen, Per Petterson, Mattis Øybø eller Morten Claussen. 

I den første boka mi var vel ett av dei overordna grepa, det eg var mest opptatt av, å skulle ha lengst muleg setninger, som likevel var grammatisk korrekt, slik som Bernhard, eg hugsar eg fryda meg då eg leste han og tenkte nei dette er jo ikkje syntaktisk rett, og leste igjen og måtte gi meg. Det ville eg og gjere. Ein annen ting eg ville, var å skape framdrift med språket, at handlinga var sekundær som framdrift i romanen. Og sist at dialogen mellom menneska i romanen skulle etablere forholdet mellom karakterane, at eg som fortellar slapp å utdjupe alt for mykje. 

I den siste boka mi ville eg lage eit norsk svar på novellesyklusen, a la Donald Ray Pullocks Knockemstiff og Frank Bills Crimes In Southern Caronlina. Eg synest det er ein veldig spennande sjanger, det å kunne jobbe på novelleplan og eit helhetlig plan samstundes. Det eg var mest nøgd med med den boka var at alle karakterene fikk kvar sin stemme, i motsetning til den første boka der eg føler fortellaren ligger litt nærmere meg selv. 

MK: Korleis kjenner du att den gode litteraturen?

JH: Om noko er godt skrive og i tillegg driv lesaren vidare med historien, du vil plukke den opp igjen når du har lagt den ifra deg, og det gjer jo ein med ei spennande bok fylt av dårleg språk og. Når ein får begge delar, då er det tale om ei god bok for min del. 

MK: Har du alltid lese på den måten? (Eller: Skildre deg sjølv som eit lesande barn!)

JH: Sjølv om eg var stadig innom biblioteket og lånte meir Den vesle vampyren av Angela Sommer-Bodenburg, var eg ein tekneserie-lesar, framfor alt, fram til tolv-års alderen var det mykje Donald, pocket eller i permer med halve årganger, det var alltid føljetongene som var best. Etter tolv gikk eg over til Bond, tegneserie av James Bond, og var ein god kunde på bruktbutikken i Ørsta, selv om stakkaren som dreiv det nok ikkje overlevde så veldig bra på dei tjuefire kronene eg betalte for ei veke med lesestoff. Bøkene kom først på videregåande, VHS-spelaren var kulturelt midtpunkt på Vartdal, bygda i Ørsta kommune der eg vart fødd og vaks opp (og har busatt meg no).