Tanums kvinnestipend er tildelt Ingrid Storholmen. Stipendet tildeles en kvinnelig forfatter i begynnelsen av sin litterære karriere. Stipendet er på 50 000 kr. Hanne Ørstavik og Anne Oterholm er blant tidligere stipendmottakere. Det er Det litterære Råd i Forfatterforeningen som utnevner mottakeren av stipendet.
Ingrid Storholmen tildeles i år det 18. Tanums kvinnestipend. Ingrid Storholmen debuterte i 2001 med Krypskyttarloven og fikk stor oppmerksomhet både for denne og for sin neste samling Skamtalen. Graceland (2005). Tsjernobylfortellinger (2009), hennes første prosabok, har fått flotte kritikker, var nominert til Brageprisen samt til Ungdommens kritikerpris og Kritikerprisen for beste voksenbok 2009.
* * *
Grunngiving for Tanums kvinnestipend for 2011 – Stein Versto, leiar av Forfatterforeningens litterære råd:
Tanums kvinnestipend vart oppretta i samband med 100-årsjubileet til Den norske Forfatterforening i 1993, og skal tildelast ein kvinneleg forfattar, tidleg i den litterære karrieren. Det er Det litterære Råd i Forfatterforeningen som utnemner mottakaren av stipendet, som er på 50.000 kroner.
Tanums kvinnestipend for 2011 går til Ingrid Storholmen.
Ingrid Storholmen debuterte i 2001 med den særeigne diktsamlinga Krypskyttarloven, og følgde opp i 2005 med ei ny samling dikt, Skamtalen. Graceland. Eksperimentering, sjangerkryssing og vilje til å la nye uttrykk vekse fram er karakteristisk for Ingrid Storholmens litterære prosjekt. Kanskje er det rettare å seia at dei sprengjer seg fram, for verka hennar framstår som nødvendige, sprungne ut av eit lidenskapeleg kreativt engasjement der litteraturen, og det å skrive, blir livsviktig. Ikkje minst kjem dette til uttrykk i sistnemnde bok, og i oppfølgjaren Siriboka frå 2007, der forfattarens refleksjonar og opplevingar blir kontrasterte og sidestilte (både i bokstaveleg og overførd tyding) med livet til ei av Storholmens formødrer, Siri Olsdatter.
I Siriboka blir tema som historie, arv, slekt, moderskap, identitet og tilhøyrsel tydeleggjorde. I Tsjernobylfortellinger frå 2009 blir slike storleikar sette i eit heilt anna, og apokalyptisk lys; her blir vi fortrulege med ei rekke ulike stemmer og situasjonar som gjennom Storholmens innføling og medleving viser oss følgjene av katastrofen i Tsjernobyl i 1986. I denne samanhengen er det nok heller ikkje tilfeldig at forfattaren kjem frå Verdal, eit av dei område i vårt land som vart råka av radioaktivt avfall gjennom nedbøren, etter katastrofen.
Tsjernobylfortellinger vitnar om ein forfattar som både skriv framifrå godt og samstundes har eit sterkt engasjement i sentrale samtidsproblem, og i kraft av dette er Ingrid Storholmen ein forfattar det er grunn til å vente seg mykje frå i åra som kjem.