Torvundbok blant dei vakraste i verda

  Det er om ein skal tru det New York-baserte kulturmagasinet Flavorwire. Dei driv med nyhende og kritikk innanfor alle disiplinar av kultur, og nemde…

Illustrasjon frå boka

 

Det er om ein skal tru det New York-baserte kulturmagasinet Flavorwire. Dei driv med nyhende og kritikk innanfor alle disiplinar av kultur, og nemde boka frå Magikon Forlag i 2012-kåringa si. Bergens Tidende skreiv dette om forholdet mellom poet Torvund og illustratøren Mari Kanstad Johnsen: For en barnebokillustratør er det mest vanlig å få tildelt et visst antall sider som skal illustreres til utvalgte bolker. 

–Men her fekk eg ei kjempelang diktremse som ikkje var delt opp, seier Johnsen, som då prøvde seg fram med illustrasjonar sjølv.

Heime i Noreg fekk boka sølv frå Grafill i same kategori, altså Årets vakreste bøker 2012.