Triztan Vindtorn Poesipris til Hansen

Ein systemdiktar av rang. Kanskje av dei mest presise i den sjangeren. Men ho er ikkje berre teknisk dyktig. Inger Elisabeth Hansen har vore kalla…

fullsizerender_3

Ein systemdiktar av rang. Kanskje av dei mest presise i den sjangeren. Men ho er ikkje berre teknisk dyktig. Inger Elisabeth Hansen har vore kalla politisk. Dikta handlar om naturen. Naturen handlar i dikta. Inger Elisabeth Hansen gir dei eit rom, i sin diknat – no sist i samlinga Resirkulere lengselen, avrenning foregår. Ho får i dag Triztan Vindtorns Poesipris. Tidlegare fekk denne boka Kritikerprisen for beste vaksenbok (skjønnlitteratur), og var nominert til Brageprisen 2015. Same forfatter fekk Brageprisen for diktsamlinga Trask, forflytninger i tidas skitne fylde. Meir om forfattaren, bøkene og prisen kan de lese i denne grunngjevinga, som er stila av leiar i komiteen, Arild Linneberg, som skryt av Drammen kommune sitt program for årets utdeling. Kommune har nemleg samla ressursar til ein tre dagar lang festival der dei feirar poesien generelt, Triztan Vindtorn spesielt. Vindtorn-festivalen er ein av dei heilt ferske litteraturfestivalane i Noreg, og har gått føre seg 6. – 9. april. 

Åse Kleveland overrekker prisen, som i år har blitt 100 000 kroner, til Hansen. Kleveland speler musikk. Anne Grosvold bokbadar Hansen og ho som vann prisen i fjor, Gro Dahle. Dette sett punktum for den tre dagar lange feiringa av poesien.

Meir om programmet for utdelinga av prisen finn de her.