Frå dødens rand ropar
Fabrikken at eg må
komma. Eg får ikkje pusta, ropar
Fabrikken. Pust for meg, min
svarte son, pustar Fabrikken.
Pust for meg og eg skal
pusta deg. Pusta
deg gammal. Pusta deg
mett. Pusta deg trøtt. Pusta deg
lykkeleg. Pusta deg
vidare.
Lars Ove Seljestad: "Storspring. Fabrikkdikt." (Aschehoug, 2013)