umulig å si søster/ det er for mildt

Wera Sæther er psykolog, forfattar og grasrotorganisator som i vår fekk DnFs Ytringsfrihetspris for 2012. Sæther bruker mykje av tida si i Bangladesh og Vest-Bengal,…

Foto: Are Siland

Wera Sæther er psykolog, forfattar og grasrotorganisator som i vår fekk DnFs Ytringsfrihetspris for 2012. Sæther bruker mykje av tida si i Bangladesh og Vest-Bengal, med barn som ho tar seg av, og som ho organiserer songskule for. Men akkurat no er ho heime på St. Hans – haugen i Oslo, og ein får håpe at ho bruker tid til å skrive. Sæthers forfattarskap strekk seg frå poesi, via romanar, til gjendikting, sakprosa og dokumentarlitteratur. Meir om henne kan du lære i denne serien, eller ved å gå på arrangementet med henne på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i månadsskiftet. Eller på den beste måten, som er å lese ei av dei rundt femti bøkene hennar. Då vil du mellom anna finne ein figur som har eit særskilt forhold til Patti Smith. Tips: ruts bok 1989, gitt ut på dåverande Cappelen.