Utval for statlege stipend og garantiinntekter

Utvalet skal mellom anna gje råd til departementet om kvotefordelinga av stipend mellom dei ulike kunstnargruppene, og tildele stipend etter innstilling frå sakkunnige stipendkomitear nemnt…

ann_kavli_2

Utvalet skal mellom anna gje råd til departementet om kvotefordelinga av stipend mellom dei ulike kunstnargruppene, og tildele stipend etter innstilling frå sakkunnige stipendkomitear nemnt opp av kunstnarorganisasjonane.

Stipendordningane legg til rette for at einskildkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. For 2014 er det løyvd i underkant av 272,5 millionar kroner til stipend og garantiinntekter til kunstnarar.

Utvalet skal ha denne samansetninga fram til 2017:

Leiar: Museumsdirektør Alfhild Skaardal
Vara: Advokat Ida Gjessing
Nestleiar: Jusprofessor Finn Arnesen
Vara: Jurist Stine Baumann

Utvalsmedlemmar:

Fylkeskultursjef Nina Badendyck
Vara: Advokat Helene Braanen

Skodespelar og instruktør Thea Stabell
Vara: Musikar og komponist Kjell Samkopf
Vara: Koreograf Karen Foss

Forfattar og biletkunstnar Ann Kavli
Vara: Filmskapar Erin Gjørv
Vara: Filmkomponist Bent Åserud