– «Vente, blinke» er eitt svar

Gunnhild Øyehaug var ein uvanleg ung vinnar av den prestisjetunge, svensk-norske litteraturutmerkinga Doblougprisen. Og same året som ho fekk den, gav Gyldendal henne ein av…

© Rolf M. Aagaard

Gunnhild Øyehaug var ein uvanleg ung vinnar av den prestisjetunge, svensk-norske litteraturutmerkinga Doblougprisen. Og same året som ho fekk den, gav Gyldendal henne ein av dei prisane som er viktig, økonomisk sett, nemleg Sultprisen. Øyehaug gav det einaste norske bidraget til McSweeney's The Best of, som samler det beste frå dei første 15 åra av tidsskriftet. «Two by Two». Ved sidan av å vere ein vel renommert novelleforfattar, har Øyehaug hatt mykje merksemd for romanen Vente, blinke, som, på tross av at han er ein tjukk roman, vart omsett til tysk, dansk og svensk, og gitt ut i desse landa. Romanen er eit flettverk av folk og erfaringar. Om denne lesaren ikkje hugsar feil, så kombinerar Øyehaug også stilar og formar. Det er fire år sidan eg las han, no. Men eg synest å hugse det slik at stilen skifta med karakteren ein følgde. Stundom eit innanfråperspektiv, med ein god del metastoff om litteraturteori. Stundom meir refererande handling. Hugsar eg rett, Gunnhild Øyehaug?

– Eg trur ikkje stilen endrar seg med karakterane, men han legg seg nok nært innpå dei ulike tredjepersonane når han går inn mot indre dialog, orsak, monolog. Og forteljaren, som er ein vi-forteljar her, driv også med ein del indre monolog. Eg trur den såkalla stilen min er nokså plastisk, dvs at det kan skifte frå handling til indre monolog, til autoralt perspektiv i ei og same frase.

– Tidlegare denne veka kom ei pressemelding til meg. Forseinka, skriv redaktøren din, Bjørn Aagenes. Men om det er ei sein melding, så er ho ei god melding: Vente, blinke, blir film. Kvifor blir boka det? 

– Yngvild Sve Flikke, som er regissør, ringde meg ein gong, heilt på tampen av 2009, og sa at ho gjerne ville lage film av boka. Kunne eg tenke meg å skrive manus? Eg var for nyfiken til å seie nei, tenkte også at det var på tide å lære noko nytt. Og ikkje minst; eg likte Yngvild. Eg hadde ikkje tenkt at boka skulle filmatiserast, den er jo på mange måtar ein leik med filmmediet, og nyttar seg av filmforteljarklisjear på det eg vil påstå er ein ironisk måte – no måtte eg inn i det frå ein heilt annan vinkel.   

– Korleis kler romanen filmformatet? 

– Å få boka vridd om til ein film har ikkje vore som å vri boka om til ein film, det har vore å skrive ein film, fritt etter ei bok. Ein del av det er nok direkte gjenkjenneleg frå boka, resten er anten nytt, eller nyskrive, eller skrive om. Det har vore viktig å halde på ei grunnstemning, ein grunntematikk. Men eg tenker samstundes på dei som to unike verk.

– Kva slags jobb er det å skrive sin eigen roman om til eit filmmanus?

– Min jobb har vore å skrive manus, i samarbeid med Yngvild. Vi har skrive sikkert fleire mil med mailar og snakka på telefon og hatt møte, og så har eg gått i isolasjon og skrive, sendt til Yngvild, fått tilbake, sendt tilbake, fått tilbake, sendt tilbake, i tilnærma lik uendeleg. Det har vore ein lang, lang prosess, og det har vore inspirerande, lærerikt, frustrerande, omtrent alt slikt som slike prosessar kan varte opp med av ulike sorger og gleder. Verst, for min eigen del, var tyngda i å gå inn att i eit materiale som eg allereie hadde arbeidd med i ein lang, føregåande prosess, som resulterte i eit ferdig verk, ei form; ein roman. Å gå inn att i det, bryte det opp, finne nye inngangar, etc, det var nærmast overveldande, til å byrje med. Eg hadde til dømes bestemt meg for å halde på Sigrid-historia, og på Trine si; med Sigrid fanst der eit plot, men Trine måtte byggast ut. Og eg skreiv inn ein ny karakter, som ikkje finst i boka; den eldre forfattaren, no trevarearbeidaren, Agnes. Men når først treatmentet var ferdig, som er eit slags råmateriale, eit konsentrat av handlingsgang og karakterutvikling frå første til siste scene, var skrive, gjekk det lettare. Og vi har hatt gode med-lesarar, Tone Johnsen frå NFI var manuskonsulent i utarbeidinga av manus i starten, og ho var til stor hjelp. 

– Kva trur du at det kjem til å bety for formidlinga av boka din, at ho blir film?

– Det vil i alle fall bety at ho går inn i ein relasjon til eit anna verk, for all framtid, i tillegg til at ho står på eigne boksider, og også alltid vil gjere det. Og reint konkret, for formidlinga av boka, vil det i alle fall tyde at ho dukkar opp att i ålmenta, den perioden filmen er aktuell, – vil eg tru. Den vil kanskje kunne få nye lesarar. Som kanskje vil bli skuffa over at ho ikkje er som filmen, kva veit eg. 

 Viss ikkje starten fungerer, klarer eg ikkje å skrive vidare, og dermed held eg gjerne på med starten eit par år.

I 2012 kom Knutar+: Ei nyutgjeving av Knutar (2004), med fire novellar frå Stol og ekstasar. Men sett bort frå denne, kan eg ikkje sjå at det har vore bøker frå deg sidan Vente, blinke. Skriv du på noko? 

– Det gjer eg, det vil kome ei bok, om inkje så brått. 

– Om inkje så brått, altså. Skriv du sakte?

– Reint teknisk vil eg påstå at eg har ein nokså god og hurtigflytande touch-teknikk, som eg lærte meg i maskinskriving valfag på gymnaset. Men det virkar ikkje å vere nokon lenk mellom kor hurtig ein er i stand til å skrve, og kor raskt det går å skrive eit heilt verk. Det går, stikk i strid med teknikken, svært seint. Eg skriv om og skriv om og skriv om. Eg held også mykje på med starten, viss ikkje starten fungerer, klarer eg ikkje å skrive vidare, og dermed held eg gjerne på med starten eit par år. Og så, når eg har eit materiale under hendene, må eg starte kvar skriveøkt med å lese frå starten og fram til dit eg er komen. Og dette tek tid. Men det er den einaste måten.

– Du bruker vel ein del tid på å vere lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Kva gjer du der?

– Eg underviser i lyrikk, og har individuell rettleiing – dvs tekstrespons. Eg har eit tovekers kurs på hausten og eit eittvekers kurs om våren, der temaet altså er lyrikk.  

Kvifor fungerer teksten som han gjer, kvifor får han ein slik type respons?

– Kva lærer du av å jobbe der? 

– Tekstsamtalane vi har som gruppe, anten med studentane eller også med gjestelærar, er alltid givande. Når folk les godt er det inspirerande. Det handlar mykje om å finne ut korleis teksten ein har skrive virkar på andre, og når ein skal gi respons, må ein også prøve å formuleredenne responsen, utover det umiddelbare som først slår ein (eg likar dette/eg likar ikkje dette). Og dermed hamnar ein i det interessante spørsmålet; kvifor fungerer teksten som han gjer, kvifor får han ein slik type respons. Eg trur med andre ord ein lærer ein del om respons, både som student og som lærar, der. I tillegg til at ein stadig vekk lærer nye ting om tekst.

– Sjølv om – eller på grunn av (det kan vi komme attende til) at du les og har lese så mykje, så skriv du makelause bøker.

– Takk skal du ha! 

– Kva synest du om dette omgrepet, "originalt", og meiner du at det passar på dine verk?

– Då eg byrja å skrive, dvs, før eg byrja å skrive, lenge før, då eg berre visste at eg skulle skrive, var dette omgrepet, "originalitet", alfa og omega. Eg ville ikkje skrive noko som var skrive før, og fann dermed ut at det var best å ikkje lese noko, slik at eg skulle vite at det eg skreiv, var originalt, altså i tydinga FRÅ MEG ONLY. Lat oss gjere ei lang historie om lesnad kort; eg forstod kor dum eg hadde vore då eg byrja på litt.vit grunnfag. Alt eg hadde tenkt ut at eg skulle gjere, var allereie gjort. Aha-opplevinga førte dermed til mi første bok, som hadde eit Beckett-sitat som motto: "There I am again".  Men når alt dette er sagt, kan eg også tilføye at det jo ikkje er noko mål for meg å skrive noko som nokon har lese før, det er det vel ikkje for nokon, vil eg tru.

– Har du funne forfattarskap som du kjenner deg att i, som forfattar?

– Ikkje direkte kjenner meg att, det ville vere for flott å påstå. Men somme forfattarskap råkar meg meir enn andre, teaterstykka til Beckett, romanane til Virginia Woolf. Dubliners av James Joyce, Vanære av Coetzee, Madame Bovary av Flaubert, Dr Faustus Lights the Lights, av Gertrude Stein. Lista blir visst lenger og lenger, og flottare og flottare, eg stansar her.  

Å få boka vridd om til ein film har ikkje vore som å vri boka om til ein film.

– Du er ikkje berre skrivelærar – men altså også litteraturvitar. Korleis forholder du deg til tradisjonane og handtverket, når du skriv?

– Eg synest det er fint at du nyttar ordet "handtverk". Ein kan lære handtverket av tradisjonen, men handtverk som er tradisjon, skal ein også passe opp for. Kvifor skriv eg "sa han" og "sa ho" så lett som berre ingenting, til dømes? Tradisjon handlar ikkje berre om forfattarskap og litteraturhistorie, men om syntaks, forteljemåtar, forteljemodi, etc etc. Så kven blir eg, dersom eg hoppar inn i ei førstepersonforteljing, som vi har sett så mange døme på, i litteraturhistoria? Slike spørsmål synest eg er interessante.

– Og har du nokre svar, til spørsmåla, som du synest er interessante, og vil dele?

– Eg trur eg prøver å svare på det kvar gong eg skriv. Vente, blinke er eitt svar, til dømes.