Vi var mange som kunne seie ”ÆÅ” den førre veka. Vi var også på ÆÅ Litteraturfestival. Dobbelt så mange publikummarar kom til ÆÅ i år i forhold til den førre festivalen. Av artistar kom mellom andre Cecilie Løveid, Pedro Carmona-Alvarez (bildet, t.v), Jens Blendstrup, Frode Grytten, Sigmund Skåden, Arild Vange, Lisa Asaito, Tina Åmodt, Lars Aamund Vaage og Ilya Kaminsky (bilde, t.h).
Bli med til fjerde og siste heile dag av ÆÅ, litteraturfestivalen som på få år har blitt ein av dei viktigaste norske litteraturfestivalane. Han er framleis den mest smale av dei største festivalane. Han forsøker framleis ikkje å tilby forfattarar frå A til Å, men presenterar nokon av dei. fordi ÆÅ ikkje har "alt" på programmet, kjem ikkje alle publikumarar til ÆÅ. Men dei som kjem snakkar festivalen fram, dei kjem tilbake sjølv, og gravis har publikumstalet auka. Det var tett mellom kjentfolk for tilreisande litteraturinteresserte til Trondheim førre veka. Og det handla ikkje bare om at miljøet er lite, Trondheim triveleg og inngangshallen til Trondheim Kunstmuseum har relativt lite golvareal men stor takhøgd. Ein av dei mange forfattarane som sto ved billettbordet i hallen var Kristin Ribe. Ho var ansvarleg for å koordinere dei frivillige under festivalen:
– Oppslutninga om årets festival har vore overveldande. Det er dobbelt så mange her i år som det var i fjor. Det er kjempegøy, og særleg overveldande tilbakemelding har det vore på barnebokprogrammet, seier forfattaren, som tener til skrivinga gjennom forfattarforedrag, skrivekurs og anna som gir bøkene hennar meirverdi. Å arrangere ÆÅ er idealisme. Grunnidéen om kva festivalen skal vere, det har dei ikkje kompromittert med. Dei skriv om seg sjølv: Æ Å Trondheim litteraturfestival ønsker å være kvalitetsbevisst, nyskapende og utadvendt. Den legger vekt på å være frisk og våken i programvalg og presentasjon. Festivalen har som mål å presentere kvalitativt uimotståelig utenlandsk litteratur. Likeledes fokuserer vi på spennende norsk litteratur som ikke får den oppmerksomheten vi mener den fortjener. Vi fokuserer på språket som kunstuttrykk og at språkets lyder forbinder mennesker. Dei har drive annakvart år sia 2003. Med årets festival Tilvirkning har alle ting kommet på plass. Adresseavisa gir plass til festivalen i avisa denne laurdagen. Marte Huke får lov til å vere profet i byen som no har blitt hennar, og blir profilert over eit oppslag. Fredagsavisa hadde også dobbeltsideoppslag, med fokus på den danske gjesten Jens Blendstrup. Plassane for arrangement var også vel valte. Dei fleste skjer på Kunstmuseet, med utsikt til vestveggen av Nidarosdomen, og naboskap med Kafé Ni Muser. Alt dette er viktige ting for å formidle forfattarane.
Og kven er hjernane bak alt dette? Guri Sørumgård Botheim kan kallast festivalsjef, og forklarar oppsvingen i suksess på denne måten:
– Det har gått, kva heiter det, jungelord? Jungeltelegram? Word of mouth? seier Botheim, som er ein av dei som var med frå byrjinga. Ho studerte litteratur på Dragvoll, starta litteraturmagasinet Ratatosk i lag med noverande forlagsredaktør David Aasen, og er no forfattar og konsulent for Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg.
– Eg trur at veksten i det kunstnariske rådet har gjort noe med programmet, og var med på å gjere festivalen meir attraktiv for fleire. Og kanskje har det noko med tema å gjere? seier ho, før ein programleiar kremtar og vi og andre teier og dette nye og spennande programmet kan fortsette. Framme på podiet har Cecilie Løveid tatt plass ved sia av programleiar Bjarte Samuelsen. Stikkordet dei skal snakke rundt er det same som tema for festivalen, altså tilvirkning, og prosessen rundt å lage ei bok.
– Ei bok er eit mirakel, seier Cecilie Løveid, og skildrar korleis dette med at bøker blir til får ei form i seg sjølv:
Eg skriv ein tekst, ein til, og ser etterkvart at dei har ein indre logikk, noko som kan gjere dei til eit verk når dei står saman. Det er ei gåve å få gi ut desse bøkene mine, seier ho, og fortel også om ein litt annleis prosess med boka Svartere Bunader.
– Eg hadde begynt på noko, hadde nokre tekstar. Eg blei sjuk. Eg var sjuk i mange månadar, og fekk masse medisinar. Det var spørsmål – blir det bok, blir det bok? Jaa då, tenkte eg, og tida gjekk, eg låg på sofaen, tok ramleis medisinar, eg fekk ikkje med meg noko av det rundt meg, det var den perfekte settinga for å skrive ei bok. Eg hadde nokre tekstar som eg hadde krota ned på baksida av benkutskrifter. Totalt uleseleg. Blir det bok? Blir det bok? Jau, det skulle bli bok. Ho sette i gong og var ferdig på tre månadar. Som skrive på medisinar skulle ein også tru at det siste dramaarbeidet hennar er. Roadkills var i utgangspunktet eit stykke teksttungt dramatikk. Men etter handsaming frå regissør og produsent, har det blitt eit meir draumeaktig stykke, leika, dansa, synge fram. Det kjem eit spørsmål frå salen om forholdet mellom å skrive dramatikk og poesi:
– Når eg skriv dramatikk, då snakkar det i meg, svarar Løveid.
– Fortell om då du debuterte som forfattar! ber Marte Huke frå salen. Løveid fortel om Bergen på den tida då ML’arane var hipsters, og ordet ”nigger” var i daglegtale mens ”dikt” var noko ein ikkje sa.
– Ein sa tekst, seier Løveid.