– Du har sagt at du egentlig ikke har tid til å påta deg vervet – likevel stiller du. Hvorfor?
– I eit intervju med Klassekampen fortalde eg at tidspunktet var litt dårleg, rett og slett fordi eg er i mi travlaste tid som forfattar akkurat no. Eg hadde planlagt å bruke tid på å formidle Kvit, norsk mann, samt skrive på eit nytt manus dette året. Det handlar også om at førespurnaden om å bli leiar kom uventa på meg. Så eg måtte ha tid til å tenke grundig. Og jo meir eg tenkte på det, meir lyst fekk eg. Å skulle arbeide for at norske forfattarar skal ha best moglege og føreseielege vilkår, er noko som motiverer meg sterkt. Og så håpar eg at eg likevel får tid til å skrive litt ved sidan av vervet.
– Hvor lenge har du vært medlem i DnF? Hva er ditt inntrykk av organisasjonen?
– Eg har vore stolt medlem sidan 2008, og har heile tida opplevd DnF som ein viktig organisasjon som jobbar hardt på vegne av norske skjønnlitterære forfattarar.
– Fortell om ditt virke som forfatter og dramatiker?
– Eg debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. Eg var nok litt for ung og boka litt for uferdig. Først i 2008 kom eg med min andre roman, Lyden av noen som dør, og etter det har eg gitt ut bøker ganske jamt og trutt. I 2013 fekk eg Brageprisen for Så vakker du er og opplevde eit løft for bøkene mine for dei yngre lesarane. Når det gjeld vaksenbøkene, så har eg i 20 år skrive utan å få særleg med merksemd og har vore nøgd med eit par bokmeldingar og kanskje eit intervju i lokalavisa. Elles har det vore stille rundt bøkene, ikkje er eg blitt invitert på litteraturfestivalar heller. Slik var det med Kvar dag skal vi vere så modige også, som kom i april 2021. Boka fekk tre meldingar og så blei det heilt stille. Men nesten eitt år etter at boka kom ut fekk eg P2-lyttaranes romanpris og plutseleg kom det mange invitasjonar til formidlingsoppdrag. Dette auka monaleg etter at eg kom ut med Kvit, norsk mann hausten 2022. Eg har reist mykje rundt og snakka om boka hausten 2022 og våren 2023. Eg er også for tida Husdramatikar ved Dramatikkens Hus. Mitt neste prosjekt der er å utvikle Kvit, norsk mann til ei scenetekst.
– Du er både forlagsredaktør og forfatter – er ikke det en pussig kombinasjon?
– Eg er overbevist om at bakgrunnen min som forfattar har vore positivt for meg som redaktør. Eg har lært mykje av redaktørane mine og forsøkt å ta med meg det beste frå dei ulike.
– Hvordan har bakgrunnen din som adoptivbarn fra Sør-Korea preget deg?
– Det har nok prega meg meir enn eg har trudd. Lenge ville eg ikkje bruke adoptivbakgrunnen min som ei forklaring på kvifor eg blei forfattar. Det var vel først då eg fekk barn og etterkvart passerte 30 år at eg skjønte det. Og mange av dei tankane eg har hatt rundt dette enda i Kvit, norsk mann, som er ei personleg og ærleg bok.
– DnF har fått en konkurrent – og samarbeidspartner – i Forfatterforbundet. Hvordan ser du på det at vi har to forfatterorganisasjoner for den samme kunstnergruppen, og hva er ditt inntrykk av Forfatterforbundet?
– Eg ser fram til å bli kjent med Forfatterforbundet og til å forhandle saman med dei om ny normalkontrakt. Etableringa av Forfatterforbundet skjedde medan eg var tilsett som forlagsredaktør i Samlaget, slik at eg ikkje har vore tett på prosess og bakgrunn. Så det er viktig at eg blir kjent med mi rolle som leiar for DnF og Forfatterforbundet, før eg kan uttale meg noko meir.
– Forfatterorganisasjonene står midt i forhandlinger med forleggerne om ny normalkontrakt. Har du hjertesaker du vil kjempe for?
– Ettersom eg kjem til å overta som leiar undervegs i denne prosessen, så ynskjer eg ikkje å kome med konkrete tankar her. Eg må bli oppdatert på kor langt i prosessen partane har kome og kva dei har diskutert. Men det er fleire saker som er viktige for meg som forfattar, og alle andre forfattarar, som eg kjem til å ta med meg inn i denne forhandlinga.
– Hva liker du selv å lese? Har du favorittforfattere eller favorittsjangere?
– Eg har sidan tenårene lest mykje av norske samtidsforfattarar. Eg har ganske godt overblikk over medlemmane i DnF. Dei siste seks åra har eg først og fremst lese manus gjennom Samlaget-jobben. Så det positive med å ikkje vere redaktør meir, er at eg kan lese breiare. Lyrikken står meg nok ekstra nær, ettersom det var denne sjangeren som fekk meg til å bli interessert i litteratur i tenåra. Eg begynte å lese mykje lyrikk på slutten av 90-talet. Det var ei sterk tid for lyrikken, med fleire poetar som framleis er særs betydelege, som Pedro Carmona-Alvarez, Tone Hødnebø, Gro Dahle, Mona Høvring, Øyvind Berg, Markus Midré, Henning H. Bergsvåg og Steinar Opstad.
– Hva tror du blir din største utfordring som DnF-leder?
– Eg kjem til å bli leiar i ei viktig tid der Boklova og Normalkontrakta skal materaliserast. Vi har to forfattarorganisasjonar. Og ute i verda er det krig, noko som pregar økonomien på alle nivåar. Papir- og trykkeprisar er høge, slik at forlaga må spare pengar. Og økonomien til folk flest blir dårlegare. Det betyr også at færre kjøper bøker. Færre kjem kanskje på bokarrangement. Midt oppi alt dette er det viktig å sikre at vilkåra til norske skjønnlitterære forfattarar ikkje blir dårlege. Vi må arbeide for at Normalkontrakta og Boklova sikrar stabile rammer for forfattarane, samt at stipendordningane og innkjøpsrordninga ikkje blir svekka, men betre. Så i ei uroleg tid, så er det viktigaste å jobbe godt, systematisk og strategisk for kjerneområda til DnF.
Av praktiske grunner vil Brynjulf Jung Tjønn – hvis han blir valgt – tiltre i juni. Heidi Marie Kriznik fortsetter dermed frem til juni.
Bibliografi:
· Eg kom for å elske – roman (2002)
· Lyden av noen som dør – roman (2008)
· I morgen skal vi sitte i solen – barnebok, Cappelen Damm (2009)
· Kinamann – roman (2011)
· Fotballskoene. – barnebok, Cappelen Damm (2012), illustrert av Lisa Aisato
· Så vakker du er – ungdomsbok (2013)
· I de dager… – noveller, Verbum (2016), redaktør
· Den finaste historia – barnebok, Cappelen Damm (2016), illustrert av Øyvind Torseter
· Alt det lyse og alt det mørke – roman, Cappelen Damm (2017)
· Smadra – ungdomsbok, Flamme forlag (2018)
· Garden under jorda – lyrikk (2019)
· Kvar dag skal vi vere så modige – roman, Cappelen Damm (2021)
· Gard er ikkje redd – barnebok, Aschehoug, (2022), illustrert av Sunniva Sunde Krogseth
· Kvit, norsk mann – lyrikk, Cappelen Damm, (2022)