Vindtornprisen til Cecilie Løveid

Her er juryens grunngjeving: En menneskekø snodde seg ti ganger rundt Neue Nationalgallerie da bildene kom til Berlin Gerhard Richters Baader-Meinhof-malerier, femten i tallet, basert…

loveid_cecilie_foto_helge_skodvin

Her er juryens grunngjeving:

En menneskekø snodde seg ti ganger rundt Neue Nationalgallerie

da bildene kom til Berlin

Gerhard Richters Baader-Meinhof-malerier,

femten i tallet, basert på fotografier, i høflig henging hang hengt.

Det så ut som om køen ville løfte huset.

Jeg ville se Gudrun.

Å være nær og rammes inn, å være nær og rammes.

Slik startar eit dikt av vinnaren av Vindtornprisen 2020. Diktsamlinga er frå 2017 og peiker både attover og framover i kunstnarskapet. Poeten har bakgrunn frå biletkunsten, er ein biletsterk poet, og har alltid skapt skjønnlitteratur i proff leik med andre fag, som biletkunst og dramatikk. Hen har skrive poesi som regissørar har satt på scena som om det var dramatikk, og skriv dramatikk som blir kalla poesi.

Vinnaren menneskeleggjer Lorcas velbrukte line: theatre is poetry performed standing.

For først kom poesien. Diktaren var diktar frå sekstenårsalderen. Då skreiv hen eit brev til Jan Erik Vold: «Jeg skriver dikt. Hva er et dikt?»

Det var som sekstenåring at hen skreiv sin første litterære hit.

Det var på bussen heim til mora:

MOR

hun sitter på bussen

etter å ha kjøpt levende

fisk og gressløk

skal hun hjem til

potetene og det smeltende

smøret

 

Diktaren blei ikkje ein one hit wonder, men publiserte dikt i Vinduet og i Profil før hen fylte nitten. Hen vart adoptert av kunstmiljøet, var ein av profilgenerasjonen. Unge kvinner og menn på den tida kjente til diktaren før hen debuterte. Då debuten Most kom i 1972 var det mange som var familiære med den no umiskjennelege røysta.

Tone min mor kommer stor, kommer og kysser meg og hvisker om gull og perler. () ser inn i øynene. Snart må jeg ha melk. Ser opp i telefontråder, flyvende insekt. Brister i gråt når fluen kommer. 

Most kunne blitt kalla musikk, lyrikk. Likevel har denne boka, så vel som dei neste fem, eit prosaliknade oppsett: linene går frå venstre til høgre og begge margane er jamne. Men dei fleste vil kalle også denne prosalyriske delen av forfattarskapet for poesi.

Vi sa tekst, sa diktaren sjølv. Hen og mange i Profil-gjengen brukte ikkje poesi- eller prosanemninga. Ikkje om Tenk om isen skulle komme (1974), ikkje om Alltid skyer over Askøy – (1976), ikkje om Mørkets muligheter – (1976) eller om Fanget villrose – (1977)

Etter dei fem bøkene med tekstar kom sjetteboka Sug og blir ein moderne klassikar.

Sidan kjem prisvinnande tekstar for scene og radioteater. Og fleire bøker. I alt over tretti verk, i fleire disiplinar og sjangrar, som har gitt hen prisar som Prix Italia, Gyldendalprisen, Brageprisen og Kritikerprisen.

Kva er det som gjer diktaren så god, uansett kunstform?

Som ein slags samlar med snert, kunne ein seie at forfattaren framstår i dikta sine. Det hen byggjer poesien sin frå er ting, kunstverk, historiske og litterære figurar. I eit intervju har hen kalla dikta sine for tekstskulpturar.

Historiske kvinner er ein tematisk byggestein i forfattarskapet. Prisvinnaren har ein forkjærleik for Salome, Marie Curie, og dei som finst mellom desse kvinnene. Ho skriv både kritisk og lengtande om plassen som blir kvinner til del i historia, i kjærleiken, i attrået, i kunsten. Ho flettar ofte desse sammen, som i diktet som eg las ifrå om Gudrun Enssli. Poeten diskuterer framfor alt kunst sin nærleik til historia. At terroisten Gudrun blei målaren Gerhards muse høyrer òg med her.

På eitt plan reiser prisvinnaren sine dikt alltid kvinnene hun skriv om opp. Men dei føyer seg likevel ikkje etter avsondra idear om kva som er kvinneleg eller feminstisk. Snarere opnar ho eit større rom rundt kvinnene hen diktar om. Mange slags attrå og lengslar eksisterer på same tid. Som det heiter i diktet «Madonnaskolen»: «Den ene dagen rider Madonnaen imot oss, en annen dag rider hun fra oss, men tredje dagen ser man bare blomstereng.»

I all tekst – i dikta, sceneverka, sjølv eigentleg daglegdags samtale, i replikkar gjengitt av journalistar, inviterer prisvinnaren lesarar inn til eit unikt univers, altså språket sitt. Nokon skildrar rommet hennar mjukt, andre kvasst, vi synest at det er kvasst og mjukt på same tid.

Trass det vide tilfanget, er vinnarens tekstar – uansett sjanger – gjenkjennbar som nettopp hennar. Kollegaen Steinar Opstad har skrive at dikta er «genuint teatralske, fulle av fakter og overspill, ironisk distanse og inderlig katteaktig hengivenhet på en gang». Ordet fandenivoldsk er kanskje blant dei mest dekkande for tonen hennar. Ho er defintivt tildelt ein god del av den nådegåva som ein kallar frekkskap. Ho er frekk med snert. Den lune humoren har blitt tydeligare i dei nyare samlingane. Det er vanskelegare å finne meir vittige plattheiter i norsk samtidspoesi! Komikken er særleg tydeleg i samlinga Flytterester (2012), med desse linene: «vi kan alle gjøre feil/skjære for tynne skiver av livets pølse/sa flyttemannen».  

Det er noko inkluderande i det å finne sin eigen form og sitt eige språk innanfor rammene av lyrikken. I ei tid der det lyriske formspråket og la ein seie den lyriske haldninga er under press, er dette viktig.

Dette er eit viktig forfattarskap av den grunnen, på grunn av motiva og tema, og at ho er nysgjerrig og forskande: Kva vil det seie å vere menneske i sin eigen tid? For å leike er å vere nysgjerrig. Det er ein grunnleggande føresetnad for openheit og forståing. Prisvinnaren løftar fram poesien sin mulegheit til å sjå verda som ein open plass. Via dikta hennar kan ein sjå omverda som mangfald og mulegheiter. Det er kanskje språket sin viktigste oppgåve.

Prisvinnaren bruker språket til å utforske den store kunsten og dei små kvardagslege syslene. Når komiteen har lese dikta hennar, har vi revurdert eigne verdsbilde. Revidere gjer vi òg bildet av historiske kvinner, samt kunsten, iblant i eitt, som i diktet om Gudrun:

Først jugendbildnis, et maleri av et barn,

bare et barn,

i hvert fall en svært ung Ulrike Meinhof.

Hun kunne vært meg, da jeg hadde

grønn ruskinnskåpe.

Mirakelkommisjonen arbeider.

Noen prøver å trykke leppene mot bildet.

Frå «Gerhard Richter, 18. oktober, 1977, 1988. Olje på lerret, 15 malerier –

Noen av 18. oktobermaleriene»

i samlinga Vandreutstillinger (2017),

som vann Kritikerprisen og Brageprisen.

 

Forfattaren, Cecilie Løveid, får Vindtornprisen 2020.

 

Med helsing juryen for Triztan Vindtorn Poesipris;

Birgit Hatlehol, Carina Beddari, Fredrik Høyer, Mette Karlsvik og Ragnar Hovland