Aktuelt

Vindtornprisen til Øyvind Berg

Vindtornprisen 2021 er tildelt Øyvind Berg!

Her er juryens begrunnelse:

Brunst og kunst,

dikt og dikotomi

har’kke peiling på Asbjørnsen

har’kke peiling på Moe
men å utgi en brukt dong for sjela di

og love deg posthum brunst
hvis du utrydder fittene på første rad

og kaller det kunst

La oss starte her, med desse linene frå diktet «ut», som kom i 1993 (Poe si tid, Oktober), og som oppsummerer nokre sider ved forfattarskapet som i dag blir tildelt Noregs største poesipris. Ei retning peikast ut her; eit kunstsyn, eit par motiv og ein formmessig praksis som har gjort diktaren til ein potent og viktig politisk aktør gjennom sine snart førti år som publisert poet. Denne diktaren skriv med tilbakelente rim og snikande politisk formidlingsevne. Han syner fram ein nærmast naturalisert omgang med metonymier, ei overrumplande evne til å samanstille dikotomiar. Denne mannen har bidrege til anslag av moderne poetokrati i Noreg. Korleis får han det til, når motivkrinsen tangerer genitalia, ekskrement og anna søppel?

Da poeten debuterte med diktsamlinga Retninger i 1982, var det for fleire av dei ovanfor nemte aspekta at han blei kjent. Han vann det (relativt) breie lag med sitt breiale mål. Diktaren ga Stovner-sosiolekta ei retning, gjorde ho til noko musikalsk og strofisk – «Når jeg driter meg ut blir det dikt», heiter det i ein linje i boka. Også på andre måtar peikte debutboka ut ei retning for dette forfattarskapet. Allereie her spring diktaren frem som ein jodlar med stemmeregister frå dalbotn til høgste tinde, frå Jung til Jesus, frå porno til Adorno: Referansane kjem liksom sutalaust, som om forfattaren har eit heilt bibliotek i kroppen, som om det overlødige litteratur- og ordforrådet ramlar ut. Det kan dreie seg om kjærleik og snørrdråper, analmembran og mellomborgarskapets meir perverterte sider. Dikta kan kalle fram milde sjokkeffektar, som sit i ein lenge nok til at bodskapa sakte, men sikkert siv inn. Og bodskapa? Kritikk mot nasjonalisme så vel som kapitalisme, sterke meiningar om kunstsyn eller innvandringspolitikk. Også kjærleiken til bokleg kunnskap kjem fram i denne debuten. Men som med mykje annan kjærleik, visast den med eit snev av tukt: 

I bøker fins en kjærlighet, klar som snørrdråpen

på mors nese, og her

slås den bort av en skriklilla hånd.

Denne poeten slår handa av ideen om reinheit, slik den kan komme av lærd kunnskap. Snørret får ein ny betydning i desse dikta. Snørret står fram som dette reine, som kravet til einheit. Og det må vekk. Diktaren unnslepp ikkje at han er lærd, midt oppe i rabulismen. Allereie den andre boka i forfattarskapet er omsetjing, av Paul Celan. Forfattarens litterære kapital kjem til uttrykk som stadig nye gjendiktningar – han gåt vidare til Heiner Müller, Brecht, Shakespeare og Ezra Pound, for å nemne nokre av dei nesten førti omsetjingane. I sitt eige etterord til gjendiktinga av Celan, skriv diktaren at det i Celans språk er eit sprang mellom meining og umeining. «Et sprang leseren selv må foreta,» skriv gjendiktaren, som om det er ein poetikk han her skriv: «Celan sier om diktskrivinga: ‘det var et forsøk på å vinne retning’.» 

For å seie det med byråkratspråket som prisvinnaren harselerer så presist med, så er han ein ekte fleir- og tverrfagleg kunstnar. Renaissansemannen er ein profesjonell bastard, ein spesialist på omskjært skrift, på prosa som kunne vore gitt ut som lyrikk, dikt som latar som at den er prosa og som slik fargar himmelen rosa. Sjangermessig og språkleg finst dette spennet, frå det kokainhøge og blendande reine, kvite, til det, for å seie det med Tor Ulven – «doveggsskriblete». Ulven diskuterer over eit heilt essay om dassen er det rette metaforiske landskapet når ein skriv om denne poeten. «Rytmen er grei, meningen er ugrei – I så måte minner den om en utsøkt høflig gjest som med et vennlig smil fremfører det rene galimatias.»

            Og slik er dei også observert, medlemmane av kult-gruppa Baktruppen. Prisvinnaren var sentral i etableringa av friteatertruppen i Bergen i 1986. Dei blir kalla ambient teater, men også skaparane av norsk postdramatikk. Deira humoristiske, poetiske, politiske og eksperimentelle uttrykk inspirerte og inspirerer ein generasjon av teaterskaparar i Noreg. Den vart også internasjonalt kjent og turnerte rundt store europeiske byar i mange tiår.

Det er ein internasjonal kunstnar, ein engasjert og uredd, samansatt kunstnar om i dag skal hente Vindtornprisen for 2021. Tydeleg, uredd, velformulert og overalt. Artig, uoppdragen og likevel litterært bevisst tilstades. Og det er ikkje berre arte de l’arte, han fortel historier. Sjølv om dette er ein for sitt segment fengande diktar, ligg det eit alvor under. Diktaren tek verda og livet på alvor, og bruker sin medfødde humor og tilegna skulelærdom:

Hvis sola var blå
og himmelen gul
og hele familien gleda seg til jul.

Alle går feil
alle skal dø
alle synger alltid på siste verset, egentlig
likevel gauler vi som på det første
men mange bekker små har rent i havet siden da,

skriv han i diktet «Mørketid» frå den hittil siste diktsamlinga, Gjennom mørketida. Det var gitt ut for sju år sida, men gir meining når vi les det i februar 2021, når vi var klar for vår med covid-vaksineeffekt og heile familien gleda seg til påske. Men R-talet skyt i vêret og mørketida vedvarar.

            Politikken og samfunnskommentaren er organisk og naturleg tilstades. Refsen kjem på rim, og råkar før ein rekk å snu seg rundt. Dikta er for samansette til å utelukkande appellere. Dei er nærmast pønklåt-aktige i storleik, men likevel formidlar dei kompleksiteten i eit tema, ei historie, eit menneske. Poeten pustar liv i spørsmål ein trudde ein var trøytt av.

«Berg er barsk», skriv den danske litteraten Per Højholt, og snakkar da om prisvinnarens vilje og evne til å «gå lige på» og halde fram heilt til diktet finn forma si og blir «ferdig og uforanderleg». Ja, vinnaren av Vindtornprisen 2021, Øyvind Berg, er poesiens stuntmann.

Dei meir observante lesarar har lagt til at det barske i Berg ikkje skal lesast i betydning ukomplisert matcho, snarare uredd. At kvinnesynet, trass tilfanget av fitter, tisper og kjerringer er høgst moderne og sympatisk får sitt diktariske bevis mange år seinare, og da i same stovnerske språkform:

Filosofer i fleng
har forsøkt å løse gåten:

Hvordan få et lykkelig liv?

Her er svaret:
La tenna fare.
Bli kjerring. Vær gammel.

Ingen smiler som tannlause gamle kjerringer.

For jau, det er ein på botnen omsorgsfull råskap i dikta til Berg, som har blitt kalla desillusjonist og idyllknusar. Øm og brutal, kåt og mørk – og ikkje minst guru: Da kollegaen hans Henning H. Bergsvåg måtte ta ein tur innom Tronsmo fordi Berg snakka om Baktruppen: «En gruppe som uten tvil har medvirket til at Bergen den dag i dag syder av performativ galskap og blanding av høyt og lavt,» skreiv Bergsvåg etterpå.

Øyvind Berg får i dag  Triztan Vindtorns poesipris for 2021, fordi dikta hans er «innhyllet i unoter», men maktar «å forføre måneskinn like forbanna» – fordi han stadig blandar diktarisk finkjensle med hardhendt vilje til å gå i elden, både i og utenfor poesien. Vi gir prisen til Berg fordi han kan dikte om ein kveld med Basho og kaffe, før han i neste sekund let «brunst» rime på «kunst». Berg kan skrive som ein kranglevoren kid, som ein andeleg vismann eller ein svimeslått alkis. Noko av det unike ved hans poetiske univers oppstår fordi både barnet, vismannen og alkisen får rom til å leike, tenke og rølpe; i Bergs dikt blir ikkje kvar einskild vist til kvar sine rom. Det oppstår ein særeigen sang frå slikt.

13/3-2021

Birgit Hatlehol

Carina Beddari

Fredrik Høyer

Mette Karlsvik

Ragnar Hovland