Lørdag skrev Eirik Ingebrigtsen (bildet) denne kronikken i Klassekampen. Teksten gjengis med tillatelse fra forfatteren og avisen:
Søndag 17. juni 2012, på Henrik Wergelands 204 årsdag, deler Norsk Forfattersentrum ut poesiformidlingsprisen Wergelands åre til poet, gjendiktar og redaktør Hanne Bramness, for hennar utrøttlege kvalitetsarbeid med eigen og omsett poesi.
”Ho skapar vakre diktlinjer som kan fylle oss” skreiv Helge Torvund om Bramness i Dagbladets omtale av Salt på øyet (Cappelen Damm, 2006). Poesi er meir enn høgtid, meir enn fødsel og død, kjole og kvitt, stein og tre. Poesien blir skriven i stort alvor med tanke på å nå ut, fylla og utvida ein flik i det lesande og tenkande mennesket.
Vi vil vifta med Wergelands gamle roåre og krevja at alle aktørar som befattar seg med litteratur tar poesien inn over seg og viser han stolt fram! Poesien som kjem ut – for det gjer han – må i større grad vera synleg i butikk og ikkje bli plassert på ei smal hylle innarst, bak lavkarbobokstablane til venstre for rullane med julegåvepapir.
Når ei bok blir vist fram, løfta opp, peikt på, lest av andre – skjer det ei naturleg spreiing. Folk er nysgjerrige og lesande, vi er eit rikt land som ikkje har råd til å mista ein promille av vår sårbare åndskraft. Dessutan er vi glade i det korte formatet, via analog cellulose eller digitale kvittr. Men det kan vera tilfeldig korleis vi kjem over ein tekst; ei lenke frå ein kamerat, ei annonse, ei bok funnen i eit bussete eller vist fram i ein bokhandel.
Bokhandlarane på golvet må bli tatt med på råd og bli oppfordra til å lesa breitt, dei må få lov til å stilla ut personlege leseopplevingar, dei må få rebestilla ei bok og ti, dei må ikkje berre bli styrt frå hovudkjedekontoret inn mot planlagde kampanjar og stablar, planlagd lesing, planlagd maksing av enkelttitlar.
Overrask oss, herr Ark! Still ut og rufs opp i greiene, fru Tanum! Våg å fylla opp lageret, kjære Norli! Kva diktbok gir du oss til stranda, gode Libris? Tomas Tranströmer i det minste? Gje oss ein stabel av Terje Dragseths siste, og eit tårn av Karin Hauganes fjorårs rett ved kaffimaskina (ikkje ver redd for det fjorårske!). Og fyll opp fire krakkar med Norwegian-Bjørn Kjos sin poetyndling, Kristin Berget: ”Jeg synes diktene hennes utforsker det mest kompliserte i det å være menneske, mellomrommet mellom det handlende subjektet og det fastlåste objektet” (Kjos til Finansavisen).
Opp med kaffikoppen dei som såg Ark gratulasjonsannonsera Torkil Damhaug i avisene for Rivertonprisen (beste krim 2011) rett før påske? Opp med marmeladetoasten dei som såg Ark gratulera Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lina Undrum Mariussen i avisene etter påske?
Det er ein overivrig og angstridd kjedelogikk som bestemmer kva bøker vi finn i hyllene, og plasseringa av desse, ikkje litteraturen i seg sjølv. Det frå før lettselde i ein bokhandel, får størsteparten av merksemda. Dei smale sjangrane får si smale hylle, om boka i det heile er å finna i butikk. Og forlaga må alltid våga å be butikkane ta inn ei våg av Vaage!
Og det er ikkje alltid betre med prosaen: Mange bokhandlarar slo blikket vekk i dagane etter at Nordisk Råds litteraturpris gjekk til vår eigen Merethe Lindstrøm; kven var ho, og var boka på lager? Her har forlaga igjen eit stort ansvar: Kan vår breie stabel av bøker nå ut på ein betre måte, er beredskapen klar?
Kanskje er vi i ferd med å mista grepet om teksten – er det for vanskeleg, litterært og sosialt, å lesa ein skjønnlitterær tekst? Kva skal vi med roårer når påhengsen sviv så fort!
Forbrukarane har stor makt (bonde, ein skal ikkje ta gjennomsnittskneippen vekk frå dei to mennene som slåss på Kongsberg!) og prisen på kneipp og romanar skal ned, ned, ned – utan samanlikning forøvrig. Etter 1. mai kvart år regulerer fastprisavtalen prisane på fjorårslitteratur, då er ikkje desse nye verka nye lenger og bokhandelen kan konkurrera på det dei openbert trur dei er best på: ENDELIG er bøkene på tilbod, annonserer dei. Dei har knapt trua på eigne varer.
Vi ønskjer å gje dei sjølvtillit, visa dei mangfaldet – også at dei skal konkurrera om å vera best på mangfald, men dei må koma oss, litteraturarbeidaren eller lesaren, i møte. Dette ville vera å ta sitt litteraturpolitiske ansvar på beinhardt alvor.
Norsk Forfattersentrum, medlemsorganisasjon og formidlingssentral for 1170 forfattarar, støttar ei ny norsk boklov. Vi har råd til å ha ein fullassortert bokhandel. Kunden har råd til boka om kunden vil og faktisk finn varen i butikk. På lang sikt vil åndskrafta som ligg der i kvar einaste lesande bokkunde, og som blir verande i han, slå ut i meir demokrati, meir openheit, meir humanitet. La oss ikkje vera redd for desse orda, folkens: Åndskraft! Kunnskap! Mangfald! Og sakte tekst! Og på lang sikt! For ikkje å gløyma: Kjærleik!
Hanne Bramness (f. 1959) har ved sida av sine eigne diktsamlingar for vaksne og barn, arbeidd fram den heilt unike serien med internasjonale, kvinnelege poetar frå det 20. hundreåret, Stemmens kontinent utgitt på Cappelen Damm. I seinare år har ho etablert Nordsjøforlaget, med vekt på gjendiktingar av samtidspoesi frå landa rundt Nordsjøen, nettopp for å oppretthalda ein alternativ offentlegheit der poetane sine stemmer kjem fram.
Som Bramness sjølv skriv i diktet ”Bevart” (frå Salt på øyet)
Tok alle brevene vi fant og la på glass
med kokende sjøvann
Saltet forseglet skriften men
gjorde den mindre tydelig
Gratulerer med Wergelands Åre 2012. Måtte bokhandlarane dekka bordet med eldgamle Bramness-titlar frå 2006, 2010 og 2011!
På vegner av Norsk Forfattersentrum
Eirik Ingebrigtsen