Walid al-Kubaisi døydde tysdag

Walid al-Kubaisi var fødd i Bagdad i Irak i 1958 og kom til Noreg som politisk flyktning i 1986. Han var då 28 år gamal….

walid

Walid al-Kubaisi var fødd i Bagdad i Irak i 1958 og kom til Noreg som politisk flyktning i 1986. Han var då 28 år gamal. Etter ti år i Noreg gav han ut den første boka si, som var ei essaysamling. al-Kubaisi har sidan gitt ut fleire bøker for barn og vaksne, skjønnlitteratur og sakprosa, og den siste var Blekk og blod: ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg (Dreyers forlag, 2016).

al-Kubaisi har vore ein tydeleg og viktig samfunnsdebattant og forfattar. Han har mellom anna motteke Fritt ords honnørpris, og budde eitt år i Ibsens barndomsheim i Skien, med eittårig arbeidsstipend frå Skien kommune. I 2007 vart han statsstipendiat.