Wergelands åre til Annelita Meinich

Annelita Meinich fekk overrekt åra måndag 16. juni på Litteraturhuset i Oslo. Styreleiar Per Olav Kaldestad heldt tale for Annelita Meinich. Annelita heldt sjølv eit…

annelita_meinich_foto_guri_sorumgard_botheim_norsk_forfattersentrum

Annelita Meinich fekk overrekt åra måndag 16. juni på Litteraturhuset i Oslo. Styreleiar Per Olav Kaldestad heldt tale for Annelita Meinich. Annelita heldt sjølv eit inspirerande innlegg om arbeidet sitt og om norsk samtidspoesi. Vi fekk dessutan fine musikalske innslag frå døtrene til Annelita. Steinar Opstad las eigne dikt. Ellen Horn las og takka prisvinnaren. Mange møtte opp for å heidre prisvinnaren.

Styreleiar Per Olav Kaldestad har skrive eit debattinnlegg i Aftenposten i samband med prisutdelinga: Trykk her

Wergelands åre er ein heiderspris innstifta av Norsk Forfattersentrum. Den blir tildelt ein person eller institusjon som har bidrege sterkt til forståing, formidling og synleggjering av poesi. Prisen er knytt til eit par velbrukte roårer, som ein meiner er årene Henrik Wergeland brukte å oppbevara saman med eit segl i Grei Kafé i Skippergaten i Oslo. Båten fortøydde han utanfor. På kafeen møtte han si framtidige kone, Amalie Sofie Bækkevold. Den eine åra er permanent utstilt i Grei Kafé, den andre ambulerer mellom prisvinnarane. Prisen blei første gong delt ut i 1997 og blir til vanleg delt ut annakvart år.

Tidligare prisvinnarar er Turid Birkeland (1997), Oslo Sporveier – dikt underveis (1999), Dagbladet – diktbasen (2001), Volapük (2003), Erling Kittelsen (2005), Jan Erik Vold (2008) og Hanne Bramness (2012).