Ytringsfridommen og den vestlege historieforteljinga

Totalistane hevdar at sidan ytringsfridommen er det grunnleggande vilkåret for demokratiet, må alle ytringar tolast, om dei er aldri så ravgalne. Dei moderate meiner at…

Totalistane hevdar at sidan ytringsfridommen er det grunnleggande vilkåret for demokratiet, må alle ytringar tolast, om dei er aldri så ravgalne. Dei moderate meiner at sidan demokratiet er avhengig av sømmelege omgangsformer, finst det ting som ikkje bør koma til uttrykk.

På dette grunnlaget er det ikkje lett å samlast om ei felles fråsegn, slik forfattarforeininga ønskjer å få gjort på årsmøtet til våren.

Sjølve trongen til ei slik fråsegn er i seg sjølv interessant. Den viktigaste drivkrafta er forestillinga om at islam er i ferd med å kvela den vestlege kulturen. Heilt fram til muhammedkarikaturane kunne folk her til lands stort sett uttrykka det dei fann for godt, med protestane frå heimlege antirasistar og antipornografar som einaste bremsekloss. Men det siste året har det kome til ein langt mektigare motstandar utanfor dei norske landegrensene.

Når me nå ser oss nøydde til å formulera eit samlande standpunkt, er me i same situasjon som den engelske adelen då dei sette opp Magna Carta i 1215. For i motsetnad til det mange trur, var ikkje dette såkalla fridomsbrevet innleiinga til den demokratiske utviklinga. Tvert om er det ei oppsummering av rettar som tidlegare var blitt tekne for gitt. Det var for å hindra at dei forsvann, at det var nødvendig å skriva dei ned.

Ved andre viktige vegskille har hevdvunne rettar gått tapt, til allmenn ulykke for menneskeslekta.

Ytringsfridommen blir jamt over rekna som eit moderne fenomen, noko som aldri ville funnest om det ikkje var for renessansen og opplysingstida. Men i røynda har folk ytra seg fritt til alle tider, og det einaste som har kunna hindra dei, var at nokon truga med å slå dei i hel om dei ikkje passa kjeften. Snorre Sturlason, som utfalda seg i den same perioden som Magna Carta blei til, meiner å vita at kring år 1000 gjorde Sigrid Storråde krav på religionsfridom, og sette over styr trulovinga si med Olav Tryggvason av den grunn. Under slaget ved Svolder måtte kongen ikkje bare tola at Einar Tambarskjelve sa at bogen hans var for veik: Ulv den raude insinuerte jamvel at han brukte rumpa til å slåst med. Olav Tryggvason blei så rasande at han la ei pil på bogestrengen og sikta på Ulv. «Då sa Ulv: ‘Skyt ein annan veg, konge, dit som betre trengst; mitt arbeid er di vinning.’»

Etter at kongane hadde fått meir makt, og sett lærde menn til å skriva bøker om kor øydeleggande det var for samfunnet når folket tenkte sjølv, trong dei ikkje lenger finna seg i slike konfrontasjonar. Men framleis fanst det i fleire hundre år eit utbreidd medvit om at lover og reglar var relative, avgrensa til bestemte landområde som Trøndelagen og Danelagen. Der var òg to ulike rettssystem, det kyrkjelege og det verdslege, og i mange høve kunne den tiltalte sjølv velja kva domstol han skulle dømmast under. Såleis overlevde den heidenske pluralismen ennå ei tid, ein tankegang som dersom han framleis hadde stått ved lag, kunne gjort det lettare for trongsynte redaktører å skjøna at det norske lovverket ikkje kan verna ytringane deira ut over landegrensene.

Hovudtendensen er likevel at rikssamlinga og kristninga førte til at folk fekk mindre styring over sine eigne liv. Det er ikkje til å sjå bort frå at me ville vore betre farne om Vesten heilt frå starten hadde hatt eit nærare samrøre med islam.

Økonomisk og kulturelt var det slett ikkje noka vinning for Europa at den muslimske ekspansjonen blei stansa i slaget ved Tours i 732. Spania gjekk inn i ei oppgangstid då det kom under arabisk styre, med moskear og kyrkjer fredeleg side om side, og akademiske møtestader for forfattarar og vitskapsfolk. Mens middelalderen bare blei mørkare nord for grensa, der Karl den store samla resten av Europa med terror og folkemord, og gjorde kristendommen obligatorisk.

Likevel er den vestlege historieskrivinga prega av ein evolusjonistisk tankegang, basert på at samfunnet har starta opp i kaos og barbari og utvikla seg langs ei jamt stigande linje mot humanisme og menneskeverd. Det har vore liten vilje til å drøfta kva som har gått tapt på vegen. Trass i at Olav Haraldsson sjokkerte heidningane med dei sadistiske kristningsmetodane sine, og ikkje hadde anna å tilby enn frelse frå eit helvete som ikkje finst, er det ennå ikkje blitt undersøkt om det kan henda var Sankt Hitler som sigra etter slaget ved Stiklestad.

Følgjen av å tru at alt hittil har vore til det beste, er at ein blir ute av stand til å tenka seg alternative scenario. Forteljinga om den vestlege kulturen har stivna til eit dogme, der islam representerer helvete. Det blir teke for gitt at dersom ikkje ytringsfridommen er absolutt, vil det oppsluka oss alle saman. Derfor har mange fått dårleg samvit fordi dei ikkje sto skulder ved skulder med Vebjørn Selbekk då det røynte på som verst, og gruer for kva konsekvensar dette sviket kan føra med seg.

Men den råskapen som ligg i ein total ytringsfridomsfundamentalisme, kan raskt slå beina vekk under det demokratiet han er meint å forsvara. I staden for å garantera for menneskerettane, bruker overdriven idealisme å riva grunnen vekk under dei, slik det skjedde i dei store diktatura på nittenhundretalet. Og hadde ikkje det post-sovjetiske styresettet vore så undertrykkande, ville det verken vore nødvendig å kritisera det så skarpt som Anna Politkovskaja gjorde, eller så farleg å gjera det.

Iveren etter å gi Vebjørn Selbekk ei tilsvarande martyrkrone, fell såleis på si eiga meiningsløyse. Heller ikkje opplysingsfilosofen Voltaire sløste bort lojaliteten sin på tvilsame prosjekt. Den berømte kraftsatsen om at «eg er ueinig i det du seier, men eg vil til døden forsvara retten din til å seia det,» dukkar først opp i ei bok frå 1906, og då bare som noko han kunne ha sagt. Den verkelege Voltaire ofra ikkje livet for verken det eine eller det andre, trass i at han levde under eit regime som straffa bråkmakarar med tortur og lemlesting, henging og brenning. Derimot skreiv han mange viktige bøker og tok del i samfunnsdebatten i den grad omsynet til liv og helse tillet det. På den måten gjorde han ein langt større innsats for det frie ord enn om han hadde gått i døden for det.